Hopp til innhold

Rapport åtvara om at rådhuset ikkje ville vare lenger enn til 2022

Ekspertar meinte i 2015 at søylene som held rådhuset i Bergen oppe, ikkje ville vera brukandes etter sju år. Fleire rapportar som varsla om den alvorlege situasjonen vart aldri lagt fram for bystyret.

Rådhuset i Bergen

TOMT: Rådhuset i Bergen husar til vanleg kring 280 tilsette. For tida er det heilt fråflytta, grunna alarmerande funn om betongsøylene. I tillegg er det funne asbest.

Foto: Christian Lura / NRK

Alle dei om lag 280 tilsette på rådhuset i Bergen måtte i september ut av bygget.

Byrådet hadde fått ein alvorleg rapport på bordet. Den åtvara om at betongsøylene på det 14 etasjar høge bygget frå 1974 var i svært dårleg forfatning.

Mellom anna fortalde rapporten at det truleg berre er fire armeringsjern i kvar av dei 68 beresøylene i bygget.

Byggeteikningane syner at det skal vera dobbelt så mange, nemleg åtte armeringsjern (sjå bildet under).

Betongsøylene og talet på armeringsjern i Bergen rådhus

PROBLEMET: Byggeteikningen (innfelt) viser at det skal vera fire armeringsjern i ytterkanten av betongsøylene. Men fleire stader på bygget fann konsulentar i 2013 kun halvparten så mange.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Åtvara om armeringsmangel i 2013

NRK kan i dag presentera eldre fagrapportar som aldri har vore gjort offentleg kjent før, heller ikkje for bystyret i Bergen.

  • 2012: «Det er i søyler utelatt armeringsbøyler ved etasjeskillene» (rapport frå Betec AS)
  • 2013: «Armeringsbøyler som sikrer hovudarmering (..) mangler.» (rapport frå Smidt & Ingebrigtsen AS)

2013-rapporten fortalde for første gong om at det var for lite jern i bygget frå 1974; at ikkje alle fasadesøylene på rådhuset har åtte vertikale armeringsjern slik dei skulle.

«Ved ytterkant søyle er det kun lagt inn to armeringsjern», heiter det i rapporten. Det skulle altså vere fire. Konsulentane hadde undersøkt ytterkanten i tre søyler i to etasjar, men ikkje innerkanten.

Flytting på rådhuset

MÅTTE UT: På kort varsel måtte dei nær 300 tilsette i rådhuset i Bergen pakke sakene sine og forlata arbeidsplassen sin.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Best før: 2022

Desse to rapportane konkluderte likevel at «søylenes hovudarmering har tilstrekkelig bæreevne».

Så, i 2015, kom det eit kraftigare varsel.

Betec AS åtvara i juni det året om at «skadene nærmer seg nivåer som kan være alarmerende (og) kan derfor svekke byggets statiske bæreevne. (..) brukstiden for søylene kan settes til fram til 2022.»

Oddny Miljeteig (SV) har reagert på at verken det tidlegare Høgrebyrådet eller det noverande Ap-byrådet har informert bystyret om dei alarmerande rapportane fleire år tilbake.

Dermed har heller ikkje dei kring 280 tilsette som har rådhuset som arbeidsplass fått vita om dei alvorlege funna om betongsøylene.

– Eg forstår ikkje at det ikkje blei ropt eit varsku verken etter åtvaringane i 2012 eller då dramatikken tilspissa seg i 2015, sa Miljeteig til NRK førre veke.

Finansbyråd Dag Inge Ulstein (KrF) svara at han fortløpande har gitt bystyret alt han visste både frå det førre og noverande byrådet si tid.

– Har dei ikkje grunn til å vera overraska over at halvparten av armeringsjerna manglar?

– Nei, bystyret har blitt halde godt orientert, sa Ulstein i oktober.

Oddny Miljeteig i Bergen bystyre oktober 2018

REAGERER: Oddny Miljeteig (SV) meiner det er svært problematisk at gamle rapportar som åtvarar om forholda i rådhusbygget ikkje har blitt delt med bystyret.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Kan stå i minst 40 år

Eiler Macody Lund (Frp), ansvarleg byråd fram til oktober 2015, seier han ikkje kan hugsa å ha sett rapportane.

Men rett før Høgre-byrådet gjekk av hausten 2015, kom ein fjerde rapport som kartla tilstanden til rådhusbygget.

Denne viste til dei tre tidlegare rapportane, og Multiconsult skreiv at det var «tvil om armeringsføring (..) Det er avdekket større avvik (..), samt mangler og feil»​.

Denne rapporten er den einaste av dei fire som bystyret har fått sjå. Dette skjedde i eit bystyremøte der tilstandsrapportar frå 17 andre bygg vart presentert.

Avsnittet er truleg det einaste skriftlege hintet om manglande armering som Bergen bystyre har fått før hausten 2018.

«Restlevetiden for Bergen rådhus med normalt vedlikehold vurderes å være minst til år 2054», står det vidare i rapporten frå Multiconsult.

Bystyret vart difor ikkje informert om at ein anna fagrapport berre månader før hadde sett levetida til 2022.

Harald Schjelderup og Dag Inge Ulstein på pressekonferanse

HAR INFORMERT: Finansbyråd Dag Inge Ulstein seier han har gitt bystyret alt han visste om tilstanden til rådhuset.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Byråden svarar ikkje

Det var den ferske byråden Ulstein som la Multiconsult-rapporten fram for bystyret i november 2015. Om, eller kva tid, han las rapportane med åtvaringane som det blei vist til der, svarar han ikkje på.

NRK har bede Ulstein dokumentera at han sidan 2015 har gitt bystyret alt hans og førre byråd visste om bereevna og armeringsjern i rådhusbygget.

– Rapportane eg har hatt å forholda meg til, var dei eg fekk i haust, seier han.

– Har du aldri lese dei frå 2012-2015?

– Kva vurderingar som blei gjort før me tiltrådte, kjenner eg faktisk ikkje til, og kan umogleg ta ansvar for.

– Svarte du på om, eller kva tid, du har lese dei eldre rapportane som varsla om for lite armeringsjern?

– Eg må forholda meg til rapportane eg har fått etter at eg blei byråd, er svaret frå finansbyråden.

– Har fortalt alt

I juni i år skreiv han til bystyret at problema med rust og lause betongbitar «går stadig fortere og det haster med tiltak.»

Heller ikkje då vart det skrive noko om manglande armeringsjern i bygget.

– Først no i haust fekk me nye rapportar som viste til at det var eit gjennomgåande problem med manglande armering. Det er det eg har hatt av informasjon og tatt vidare til bystyret.

– Har du aldri tidlegare gitt bystyret melding om at det er for lite armeringsjern i søylene?

– Me gav informasjonen me hadde, knytt til rapportane me har fått bestilt, og har tatt dette på ytste alvor.