Hopp til innhold

Rådhus-forfallet i Bergen: – Byrådet varsla ikkje om jernmangel

For seks år sidan kom dei første varsla om altfor lite armeringsjern i beresøylene i Bergen rådhus. – Verken blått eller raudt byråd har informert bystyret om alvoret, meiner SV.

Bergen rådhus

SVEKKA SØYLER: Bergen rådhus har vore tømt for folk sidan midt i september på grunn av alvorlege konstruksjonsfeil.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Alle dei rundt 280 som jobba på rådhuset i Bergen måtte på ein dags varsel flytta ut av bygget 14. september i år.

Dagen før hadde byrådet fått ein konsulentrapport som slo fast at bygget frå 1974 ikkje tilfredsstiller krava til bereevne i betongsøylene:

«Kritiske søyler må utbedres snarleg.»

Manglar halvparten

I fleire år har betongbitar på fasaden falle ned og armeringsjernet innanfor rusta. Dette har vore kjent, men ikkje at beresøylene truleg berre har halvparten så mykje armeringsjern som dei skal ha.

Byggeteikningane viser det skal vere åtte armeringsjern i kvar av dei 68 søylene. Truleg har søylene berre fire.

– Dette er ein alvorleg byggefeil, seier Tom Ingebrigtsen i rådgjevande ingeniørselskapet Smidt & Ingebrigtsen.

Tom Ingebrigtsen

ALVORLEG BYGGEFEIL: – Delar av mangelen på armering i søylene var kjent allereie i 2012-2013, ifølge rådgjevande ingeniør Tom Ingebrigtsen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ifølgje Ingebrigtsen har det vore kjent sidan 2012–2013 at det er for lite armering i søylene.

Fara er at det kan oppstå såkalla trykkbrot i betongsøylene på rådhuset.

– Slike brot er me konstruktørar veldig lite glade i, fordi det oppstår lite deformasjonar, og dermed lite forvarsel, før ting kollapsar.

Rådhuset i Bergen

JERN: Bergen Rådhus har lenge vore råka av betongsjuke, og fleire stader kan ein sjå armeringsjernet. Dette bildet er tatt i 2018.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

SV: – Ingen varsku

Bergen SV har fått ein gjennomgang av ulike konsulentrapportar frå dei siste seks åra som forargar gruppeleiar Oddny Miljeteig.

– Av ein eller annan grunn har verken det sitjande Ap-byrådet eller det førre Høgre-byrådet tatt fagfolk sine grunngjevne bekymringar på alvor. Eg forstår ikkje at det ikkje blei ropt eit varsku verken etter åtvaringane i 2012 eller då dramatikken tilspissa seg i 2015.

Miljeteig seier at dei to byråda ikkje har presentert åtvaringane i tidlegare fagrapportar i klartekst for bystyret.

– Alle skjønar vel at når halvparten av armeringsjarna manglar, er det så dramatisk at det skulle det vore sagt tydeleg den gongen. Ingen av oss kan hugsa å ha sett det vektlagt.

Oddny Miljeteig

MEINER BYRÅDET TAGDE: Oddny Miljeteig (SV) seier bystyret ikkje har blitt informert om alvorlege konstruksjonsfeil i beresøylene på Bergen rådhus.

Foto: Leif Rune Løland

Byråden: – Me har informert

Finans- og eigedomsbyråd Dag Inge Ulstein (KrF) har det politiske ansvaret for rådhusbygget. Han seier byrådet har fått god dokumentasjon heile vegen.

– Me har gitt alt me har hatt av opplysningar, seier Ulstein, som meiner bystyret ikkje har grunn til å vera overraska.

Men Miljeteig avviser at dei har blitt halde godt orientert.

– Me fekk i grunnen ikkje den dramatiske sanninga før rådhuset plutseleg måtte tømmast i september.

Harald Schjelderup og Dag Inge Ulstein på pressekonferanse

FORTALDE ALT: Finans- og eigedomsbyråd Dag Inge Ulstein meiner bystyret har blitt halde godt orientert.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Ulstein seier at det var først no i haust det vart kjent at det truleg manglar armeringsjern i heile rådhusbygget.

– Og først no meiner fagfolka bygget bryt tryggleiksforskriftene.

Heller ikkje Eiler Macody Lund (Frp) som var finansbyråd fram til 2015, kan hugse at det var snakk om for lite armeringsjern.

– Kanskje det var rapportar som gjekk til etatsdirektøren, men ikkje til meg som byråd. Det som no har kome fram om manglande jern og dårleg betong er sjokkerande.

Flytting fra Rådhuset i Bergen

EVAKUERT: Gunn Elisabeth Heggestad var ein av nesten 300 som måtte flytta ut frå rådhuset på éin dags varsel.

Foto: Leif Rune Løland / NRK