Hopp til innhold

Barnehagestyrar er positiv til norsk-kvotering

Byrådet i Bergen vil at minst tre av ti barn i barnehagar skal ha norskspråkleg bakgrunn. – Det er veldig positivt, seier barnehagestyrar.

I Søre Skogvei barnehage i Bergen, der over 90 prosent av barna har minoritetsspråkleg bakgrunn, er dei positive til norsk-kvotering i barnehagar.

SJÅ VIDEO: I Søre Skogvei barnehage i Bergen, der over 90 prosent av barna har minoritetsspråkleg bakgrunn, er styraren nøgd med at bystyret i Bergen no vil ha eit tak på minoritetsspråklege barn i barnehagar.

Tone Sandstå

STYRAR: Tone Sandstå er leiar i Søre Skogvei barnehage i Bergen.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

– Viss delen mellom norske og minoritetsspråklege vil jamne seg ut, så ville me fått mykje betre språkmiljø, og det ville vore veldig bra for barnehagen, seier Tone Sandstå, styrar i Søre Skogvei barnehage i Bergen.

Barnehagen har over 90 prosent barn med minoritetsspråkleg bakgrunn, og styrar Sandstå er nøgd med at byrådet no set i gang eit prøveprosjekt ved tre barnehagar i Årstad bydel.

– Dette er noko me har snakka mykje om, og det er veldig gledeleg at det ser ut som om det kjem til å gå igjennom no.

Sjå video øvst i saka.

Ynskjer ikkje heilnorsk barnehage

Dårleg norskopplæring i barnehagar med lav norskspråkleg del i Oslo er noko av årsaka til at politikarane i Bergen no set eit tak på minoritetsspråklege barn i barnehagar.

– I nokon barnehagar med få barn med norskspråkleg bakgrunn, så lærer dei ikkje norsk språk godt nok. Det er dumt både for integrering, også med tanke på vegen vidare på skulen, seier skulebyråd Jana Midelfart Hoff (H).

Sjølv om styraren i Søre Skogvei barnehage i Bergen er positiv til språkgrensa, så ynskjer ikkje ho ein heilt norsk barnehage.

– No har eg vore styrar i sju år, og har jobba i barnehage i over tjue år. Eg kjenner framleis at eg lærer noko nytt kvar einaste dag, og er veldig heldig som får jobb i ein fleirkulturell barnehage, seier Tone Sandstå.

– Ikkje upraktisk i Årstad

Skulebyråd Jana Midelfart Hoff (H) seier prøveordninga passar bra i Årstad bydel, fordi tre barnehagar der ligg tett inntil kvarandre. Der vil det bli eit koordinert opptak til barnehagane, og barna vil bli fordelt mellom barnehagane.

– Det gjer at det ikkje blir upraktisk for familiane. Me kunne ikkje gjort det viss ein barnehage låg i Fyllingsdalen og den andre i Åsane, seier ho.

– Det har vore spørsmål om dette forslaget er lovleg. Er det sikkert at dykk får gjennomføre dette?

– Det er vurdert grundig av juristane i Bergen kommune, og det er ein brei tverrpolitisk einigheit om dette her. Dette er eit pilotprosjekt, og det er snakk om to år. Då skal det vurderast om det er i tråd med loven, om foreldre får ynskja sine oppfylt, og om det fungerer.

Skulebyråd om tak på minoritetsspråklege barn i barnehagar

SJÅ VIDEO: Skulebyråd Jana Midelfart Hoff (H) om å ha eit tak på minst 30 prosent barn med norskspråkleg bakgrunn i barnehagane.