Hopp til innhold

Fleire foreldre stiller matkrav i barnehagen: – Har ikkje nok kunnskap til å møte alle

Kokk etterlyser meir kunnskap om mat i norske barnehagar. Utdanningsforbundet og KS meiner tilsette ikkje kan forventast å ha djupnekompetanse om mat og ernæring.

Barn teller ostestykker i barnehagen

Fleire barnehagar bruker matlaging som ein del av det pedagogiske arbeidet. Her tel Sarah Emilie Vuyk Haddeland, Nathalie Ytreland Larsen og Torbjørn Hunsbeth Fjellså talet på bitar ost.

Foto: Elise Pedersen / NRK

– Utviklinga har heldigvis vore stor frå eg begynte i barnehagefeltet i 2002. Da serverte vi Nugatti på fredagar og hadde saft og kjeks på alle turar, fortel leiar i Ganddal-barnehagane, Marianne Telstø.

Ønsker og krav frå foreldre dreier seg gjerne om vegetarisk, vegansk eller økologisk mat eller mat som ikkje er ultraprosessert.

– Dei som jobbar i barnehagen står i ein kvardag der dei blir møtte med veldig mange spørsmål og krav frå foreldra når det gjeld mat, seier Frode Selvaag, som marknadsfører seg sjølv som Ryfylkekokken.

Ryfylkekokken og jente i barnehage

Othilia Ytreland Larsen og Ryfylkekokken Frode Selvaag førebur lunsj i barnehagen Hannes Lekestue på Madla i Stavanger.

Foto: Elise Pedersen / NRK

Manglar kunnskap

Selvaag jobbar dagleg med mat og måltid i barnehagar i ti land og til saman over 45.000 barn.

– Det er ein del ting dei må forhalde seg til, som krev ein kunnskap som du ikkje nødvendigvis får deg i utdanninga som barnehagelærar, seier Selvaag.

Selvaag meiner det kan bli ei utfordring for enkeltståande barnehagar å gjere matlaging til ein del av det pedagogiske arbeidet.

– Da må vi prøve å hjelpe dei, men vi må også forvente at kommunane og dei som styrer barnehagane faktisk set av ressursar til at kunnskap om matlaging blir ein del av opplæringa.

Ryfylkekokken Frode Selvaag i Hannes Lekestue

Henrik Kalstø og Thomas Dybdahl Stange forsyner seg med mat, mens Henny Filippa Morari Nygaard pratar med Selvaag om maten i barnehagen.

Foto: Elise Pedersen / NRK

Også Telstø i Ganddal-barnehagane påpeikar at barnehagepedagogar ikkje nødvendigvis har kunnskapen som trengst for å møte alle foreldres mat-ønske.

Dei forheld seg til kosthaldsråda til Helsedirektoratet, og serverer mat som er av god ernæringsmessig kvalitet, seier ho.

– Vi har ikkje nok kunnskap til å sikre at barna får i seg dei næringsstoffa dei treng når det gjeld for eksempel vegetarmat. Barnehagen skal først og fremst legge til rette for omsorg, læring, leik og danning. Mat er ein liten, men viktig del av dette.

Ho utdjupar at tilbodet og fellesskapet når dei et er ein viktig del av kvardagen, kor alle samlar seg på ein god måte.

Leder av Ganddal-barnehagene, Marianne Telstø

Leier i Ganddal-barnehagane, Marianne Telstø seier at mattilbodet og fellesskapet når dei et er ein viktig del av kvardagen.

Foto: Elise Pedersen / NRK

– Kan ikkje forventast å ha kapasitet og kompetanse

Anita Holm Cirotzki er leiar for kontaktforum barnehage i Utdanningsforbundet.

Dei får oftare tilbakemeldingar frå barnehagane om foreldre med individuelle mat-ønske i dag enn for få år sidan.

– Personalet strekker seg langt for å innfri foreldra sine ønske. Det står sjeldan på vilje, men heller moglegheita til å gjennomføre det foreldra ønsker.

Kunne dette blitt ein del av utdanninga av barnehagelærarar?

– Barnehagelærarutdanninga er allereie overlest med krav og innhald. Det ligg heller ikkje i mandatet til barnehagen at dei tilsette skal ha utdanning innanfor ernæring. Derfor tenker eg ikkje det.

Barnehagebarn spiser mat i Ganddal barnehage

Fleire foreldre enn tidlegare har ønske til kva barna skal ete i barnehagen, fortel Anita Holm Cirotzki i Utdanningsforbundet. Matheo Dale Batalden koser seg uansett med det han får servert i barnehagen.

Foto: Elise Pedersen / NRK

Det blir støtta av spesialrådgjevar ved avdeling oppvekst, kultur og utdanning i KS, Trond Kalhagen.

Trond Kalhagen i KS

Spesialrådgjevar ved avdeling for oppvekst, kultur og utdanning i KS, Trond Kalhagen.

Foto: KS

– Barnehagesektoren kan ikkje forventast å ha kapasitet og kompetanse til å møte alle individuelle ønske og behov når det gjeld ernæring. I tilfelle må kommune- og barnehagesektoren blir tilført vesentlege ressursar. Alternativt må foreldre betale ein høgare pris for matservering.

Både han og Holm Cirotzki peikar på at barnehagane skal forhalde seg til oppfordringar frå Helsedirektoratet når det gjeld mat i barnehagane.

Pedagogikk og matlaging

Frode Selvaag er involvert i «Eit godt måltid», eit matkonsept i Læringsverkstedet barnehagar.

Kristine Gramstad er regionleiar for Læringsverkstedet-barnehagane i Rogaland og deler av Vestland.

– Vi ønsker at mat og måltid skal vere ein del av det pedagogiske arbeidet og ein del av kvardagen, fordi vi meiner det er såpass viktig.

Leder for Tjensvollbarnehagene i Stavanger

Regionleiar for Læringsverkstedet barnehagar i Rogaland og delar av Vestland, Kristine Gramstad.

Foto: Elise Pedersen / NRK

Ein av barnehagane underlagt Læringsverkstedet, er Hannes Lekestue på Madla i Stavanger.

Her skjer barna opp grønsakene og tel ostestykke. Dei er alltid med på lunsj-forberedelsene.

– Når vi deler oss i grupper og skal skape ein læringssituasjon i barnehagen, har vi som regel alltid ein gjeng som førebur lunsjen. Dei kan like godt gjere det som å teikne eller måle, seier pedagogisk leiar Kathrine Moller.

Mat i barnehagen

Pedagogisk leier i Hannes leikestue, Kathrine Moller, seier personalet varierer på å bruke alle fagområdene fra rammeplanen i prosessen. Her saman med Eva Haga Anbjørnsen.

Foto: Elise Pedersen / NRK

– Vi er her for å skape læringssituasjonar av alt vi gjer. Om ein av oss hadde førebudd maten alene for å være mer effektive, hadde vi jo tapt tid som vi kunne brukt saman med barna.

Anita Holm Cirotzki i Utdanningsforbundet peikar på tid og ressursar som sentrale utfordringar.

– Skal ein implementere det pedagogiske i alle måltid, får det uforholdsmessig stor plass i forhold til veldig mange andre pedagogiske aktivitetar som skal skje, seier ho.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg