Politiinspektør Olav Valland i Vest politidistrikt bekreftar overfor NRK at dei opnar etterforsking av eit nytt trusselbrev mot byutviklingsbyråden i Bergen. Dei skal også etterforske holet i vindauget hennar.
Brevet låg på pulten til Anna Elisa Tryti (Ap) då ho kom på jobb tysdag, like før ho skulle fortelje media om korleis trugsmål og grov trakassering gjer at ho i over to år har gått med valdsalarm.
«Aksjoner mot Bomringen vil bli utvidet og intensivert. Dette vil også omfatte privatpersoner», stod det i brevet.
Vil etterforske kulehol
I tillegg til å opne etterforsking av det ferske trusselbrevet, vil politiet også undersøke det Tryti meiner er eit kulehol i eit vindauge i heimen hennar.
Tysdag tok politiet sjølvkritikk for at dei ikkje oppretta undersøkingssak på det.
– Det kan eg bekrefte at vi gjer no. Vi ønskjer å sjå meir detaljert på skaden og opnar etterforsking på det, seier Valland til NRK.
Bergensbyråden er glad for at politiet startar etterforsking.
– Dette er jo heilt i tråd med det PST sa tidlegare i år, om at trugsmål mot politikarar skulle takast meir alvorleg, seier Tryti til NRK.
Ho er likevel usikker på om etterforskinga av holet i vindauget i heimen hennar vil få noko resultat.
– Det har jo gått to år med mogeleg bevisforspilling, så det er vel kanskje avgrensa kva dei kan finne ut. Slik sett er det synd at det må denne typen medieomtale til for at det skjer noko.
- Bakgrunn:
- Les òg:
Undersøker samanheng med fem år gamalt brev
Etter at bergenspolitikar Henning Warloe (H) tysdag kveld tvitra om eit trusselbrev han fekk tilbake i 2014, har fleire påpeika den slåande likskapen til Tryti sitt ferskaste trusselbrev.
Handskrifta i dei to breva som er sendt med over fem års mellomrom, er nemleg veldig lik.
– Eg er overtydd om at det er same person som har sendt desse to breva, seier Warloe til NRK.
Her kan du sjølv samanlikne dei to breva som Tryti og Warloe har fått med fem års mellomrom:
Kommunaldirektør Robert Rastad seier til NRK at dei har vidaresendt bilde av det fem år gamle brevet til politiet.
Politiet bekreftar at dei i etterforskinga av det nye brevet til Tryti, også skal sjå på saka frå 2014.
– Warloe politimelde brevet i 2014, men saka vart lagt vekk som uoppklåra. Dette brevet tek vi no fram att i høve etterforskinga av det nye brevet mot Tryti, for å sjå om det kan vera ein samanheng, seier Valland til NRK.
Han legg til at det blir aktuelt å kople inn ekspertar på handskrift frå Kripos, for å sjå nærare på dei to breva.
Takkar for tilbakemeldingar
Anna Elisa Tryti har fått mange positive tilbakemeldingar etter å ha stått fram med si historie.
– Eg er glad for tilbakemeldingane eg har fått, men synest samstundes reaksjonane syner at dette er eit nasjonalt problem for demokratiet.
– Angrar du på at du stod fram?
– Nei, ikkje i det heile. Det var eit ansvar for meg å gjere det i høve til demokratiet, for at unge og barneforeldre skal tore å engasjere seg i politikken. Det er utruleg viktig at myndigheitene ikkje let dei stå aleine når dei opplever trugsmål og trakassering, seier Tryti.