Hopp til innhold

Politiet kan bli straffa for Twitter-melding: Avslørte gatenamn, alder og kjønn på pasient

For første gang skal Spesialeininga for politisaker vurdere om ein tweet frå politiet er straffbar.

Reagerer på Twitter-melding fra politiet

VART SLETTA: Vest politidistrikt tok sjølvkritikk for detaljnivået i meldinga dei la ut på Twitter i februar. NRK har sladda opplysningane som kunne identifisert pasienten.

Foto: NRK

Det var fredag 8. februar at operasjonssentralen i Vest politidistrikt tvitra om eit oppdrag dei var ute på i Bergen.

Fleire reagerte på detaljnivået i twitter-meldinga som gjekk ut til dei nesten 20.000 følgarane til operasjonssentralen.

Meldinga starta med namnet på gata oppdraget var i. Vidare skreiv politiet at dei hjelpte helsevesenet med eit psykiatrioppdrag, før dei skreiv alder og kjønn på pasienten som hadde «stengt seg inne i en bolig».

– Soleklart brot på teieplikta, reagerte advokat Jon Wessel-Aas, og fekk støtte frå jusprofessor Hans Fredrik Marthinussen ved UiB, samt advokat John Christian Elden.

Har opna undersøking

No stadfestar Spesialeininga for politisaker at dei har fått ein anmeldelse på bordet.

– Vi vurderer om det kan vera eit straffbart forhold og om vi skal starte etterforsking, seier leiar Ellen Eikeseth Mjøs i etterforskingsavdelinga i Vest-Noreg.

Det er første gang at Spesialeininga for politisaker ser nærare på ei twittermelding frå ein av dei tolv operasjonssentralane. Totalt når politiet sine kontoar over 700.000 følgjarar.

Mjøs seier dei undersøker om Twitter-meldinga var tenestefeil og brot på teieplikta.

– Dette er lovbrot som til vanleg vert straffa med bot.

Ellen Eikeseth Mjøs i Bergen tingrett etter

VURDERER TVITRING: Leiar for etterforskingsavdelinga til Spesialeininga for politisaker, Ellen Eikeseth Mjøs.

Foto: Elise Angell / NRK

Har gjort grep internt

I Politidirektoratet sine retningslinjer for operasjonssentralane (ekstern lenke), er det bestemt at politiet som hovudregel ikkje bør tvitre om mellom anna psykiatri, sjølvdrap og personlege tragediar.

Einingsleiar Morten Ørn ved Vest politidistrikt sa til NRK i februar at meldinga som Spesialeininga no undersøker, i utgangspunktet var tenkt for å informere og roe dei mange som såg ambulansar og politibilar på staden.

– Vi er ikkje overraska over at den saka er meld til Spesialeininga. Saka er også tatt opp internt og vi har presisert retningslinene i detalj for dei det gjeld, seier Ørn til NRK.

Meldinga vart liggande ute i eit døgn før den vart fjerna. Politiet tok deretter sjølvkritikk for å ha lagt ut ein melding som var for detaljert.

Morten Ørn

INTERNT: Einingsleiar Morten Ørn seier dei internt har minna om retningslinjene internt i Vest politidistrikt etter Twitter-blemma.

Foto: Ole-Andre Lagmandokk / NRK

– Egen mediekanal er naudsynt

Norsk Presseforbund har lenge hatt dialog med politiet om bruken, og ikkje minst den manglande bruken, av Twitter.

– Denne saka er med å stadfeste at media treng ein eigen informasjonskanal hjå politiet. Slik at det er media, og ikkje politiet, som tek dei redaksjonelle vurderingane på kva som kan gå ut av informasjon og ikkje, seier jurist Kristine Foss i Presseforbundet.

Presseforbundet ser for seg ei løysing der media må logge seg på for å tilgang til oppdateringar om kva politiet rykkjer ut på.

– I utgangspunktet er ikkje Twitter noko fullgod kanal for oss. På den andre sida kunne vi informert om den aktuelle hendinga, utan å gi så mange detaljar som vi gjorde, vedgår Morten Ørn i Vest politidistrikt.