Hopp til innhold

Kommunen måtte stoppa bygginga av eigne kontor

BERGEN (NRK): Då planetaten i kommunen tok ein kikk på sine nye kontor, oppdaga dei at papira slett ikkje var i orden.

Autogården i Nygårdsgaten Bergen sentrum

IKKJE SØKT OM: Planetaten oppdaga rivingsarbeid det ikkje var søkt løyve om, då dei besøkte sine nye framtidige kontorplassar her i Autogården i Bergen sentrum.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Bygginga av dei nye kontora til 350 byutviklingsbyråkratar er det første store prosjektet med å gå over til aktivitetsbaserte arbeidsplassar og opne kontorlandskap i Bergen kommune.

Men no har arbeidet stått stille i fem månadar.

Ei av årsakene er temmeleg spesiell. Ombygginga vart stogga etter at tilsette i planetaten i vinter kom på besøk for å ta ein kikk på sin framtidige arbeidsplass.

Då oppdaga dei at arbeidet som gjekk føre seg ikkje var søkt løyve om.

– Vi måtte gi stoppordre. Vi er veldige ryddige på dette, så vi har opptredd slik vi ville gjort ovanfor ein kvar tiltakshavar eller huseigar, seier plandirektør Mette Svanes i Bergen kommune.

Har møtt motstand

Planetaten i Bergen kommune er i dag spreidd på fire ulike bygg i byen. No skal dei flytte saman med bymiljøetaten i den sokalla Autogården i Nygårdsgaten.

Dette er kommunen si første store omlegging med å fjerne enkeltkontor både i rådhuset og andre kommunale bygg. Dei tilsette skal no inn i kontorlandskap og aktivitetsbaserte arbeidsplassar, noko som har møtt motstand.

Og no også forseinkingar. Innflyttinga i oktober i år blir det ikkje noko av. Plandirektøren ventar enno på ein ny innflyttingsdato.

– Bygget er nesten tomt og det einaste som står her er søyler, seier Svanes.

Autogården i Nygårdsgaten

REIV UTAN LOV: I lokala ligg røyr og gammal isolasjon etter rivingsarbeidet som ikkje var lov.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Trudde det var lov

I bygget skal kommunen leige plass av Reitangruppen sitt selskap Vestenfjeldske.

Administrerande direktør Petter Hjortland seier til NRK at dei tolka lova slik at det var greitt å starte rivearbeid i bygget, utan løyve.

– Ifølge plan- og byggingslova kan ein rive innvending så lenge ein ikkje rører brannceller og berekonstruksjonar, forklarer Hjortland.

– På bakgrunn av det byrja vi å rive, men så kom Bergen kommune og sa arbeidet var så omfattande at det var søknadspliktig, seier Haugland.

Autogården i Nygårdsgaten, Bergen

FREE SEATING: Førebels er det få sitteplassar i det som skal bli aktivitetsbaserte arbeidsplassar og opne kontorlandskap for 350 byutviklingsbyråkratar i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Negative til opne kontorlandskap

No, fem månadar etter stoppordren, har tiltakshavaren sendt søknad om løyve til å rive veggane i det som altså blir Bergen kommune sitt første store steg ut i opent kontorlandskap.

Dei 350 byutviklingsbyråkratane er ikkje udelt positive til å flytte ut av cellekontora sine. Det er bekymringar dei deler med fleire som skal få nye arbeidsplassar rundt omkring i landet.

Brennpunkt-dokumentaren «Kontoret» fortalde om liknande protestar frå tilsette ved NTNU i Trondheim, Høgskulen på Vestlandet og i departementa i Oslo.

Mette Svanes, plandirektør Bergen kommune

Plandirektør i Bergen kommune, Mette Svanes.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

– Vi innrømmer at dette er krevjande. Men vi har gode prosessar og tett involvering, seier plandirektør Svanes.

Huseigar Petter Hjortland seier diskusjonane om kontorløysingar også er ein av grunnane til at innflyttinga i Autogården blir forseinka.

Han lovar no at bygget vil vere innflyttingsklart tre månadar etter den opphavlege fristen.

Autogården i Bergen sentrum

FLEIRE ÅRSAKER: Tiltakshavar for ombygginga er Tag Arkitekter. Dei forklarer at ein viktig årsak til forseinkinga av ombygging er at Vegvesenet ikkje ville godkjenna innkøyringa til bygget. Dei har no gitt eit munnleg ja.

Foto: Leif Rune Løland / NRK