Hopp til innhold

På denne garden går Sander og Lars på skule

I 20 år har bonde og lærar Reidar Konglevoll gjort om garden sin til eit klasserom for ungdomsskuleelevar. – Mange har problem med å følgje det teoretiske opplegget i vanleg skule. Dette er også skule, men på ein anna måte, seier han.

Reidar Konglevoll

SEIM GARD: Reidar Konglevoll har i tjue år tatt i mot elevar på garden sin i Lindås. Her får dei arbeide med dyr og gardsdrift, og lære gjennom å gjere ting i praksis – utanfor klasserommet.

Foto: Helene Vassbotten Leirvik / NRK

Ni år på skule vert ganske lenge dersom ein berre skal sitte i klasserom. Når ein er ute ein dag i veka blir det litt lettare.

Sander Nikolai Taule og Lars Gilborne Myksvoll

– No går eg fyrst framfor sauene og lokkar på dei. Så håpar me at dei kjem like fint som dei pleier. Så følgjer de med på dei bak.

Reidar Konglevoll syner elevane sine korleis dei skal få med sauene over på eit anna beite. I 20 år har han brukt garden sin som klasserom for å kunne gje elevar med lærevanskar eit betre tilbod. Det trengst i norsk skule, meiner han.

– I skulen er det ofte slik at viss du ikkje kan noko, skal me prøve å hjelpe deg. Men måten me hjelper deg på er at me gjev deg enda meir av det du ikkje kan. Sett på spissen: Då skal du verkeleg få vite at du ikkje kan det.

– Ein må finne dei sterke sidene til elevane, og bygge vidare på dei, meiner Reidar som både er bonde og lærar.

Alternativ til teoritung skule

14-åringane Sander Nikolai Taule og Lars Gilborne Myksvoll er til vanleg elevar ved Knarvik Ungdomsskole. Ein dag i veka er dei på garden til Reidar.

elev seim gard

PRAKTISK ARBEID: Ein dag i veka går Sander Nikolai Taule på skule på Seim gard.

Foto: Helene Vassbotten Leirvik / NRK

– Ni år på skule vert ganske lenge dersom ein berre skal sitte i klasserom. Når ein er ute ein dag i veka blir det litt lettare, meiner dei.

– Det er betre enn å sitte framfor ei bok i 60 minutt. Du lærer ting du ikkje har lært før. Ting om sauer, beite og traktorar.

På Seim gard lærer elevane gjennom å arbeide praktisk. Dette er heilt nødvendig for mange, fordi dei har problem med å følgje det teoretiske opplegget som skulen baserer seg på i dag, meiner Reidar.

– Viss du slit med lesing og skriving og møter ein skule der det er heile fundamentet for det du skal drive med, så blir dagen tung. Dette er skule, men det er skule på ein anna måte enn den tradisjonelle skulen.

LES OGSÅ: Staten vil at fleire gjer som ho

– Mange elevar føler dei kjem til kort

Elev seim gard

LÆRER GARDSDRIFT: Lars Gilborne Myksvoll er ein av dei mange elevane som kvar veke får lære å stelle dyr og drive med gardsbruk på Seim gard i Lindås.

Foto: Helene Vassbotten Leirvik / NRK

Seim gard er ein «Inn på tunet gard». Tilbodet er ein vinn-vinn situasjon for både lærar og elevar, meiner Reidar.

– Mange elevar føler skulen blir håplaus for dei, at dei kjem til kort. Desse elevane har evne innan andre felt enn det skulen spør etter.

– For tjue år sidan var det kanskje også ein litt skuletrøytt lærar som såg eit alternativ. Eg er sikker på at det har gitt meg ein energi eg ikkje hadde hatt dersom eg hadde stått løpet i vanleg skule.

– Viss ein elev lukkast har eg gjort ein kjempejobb

– Korleis merkar du at elevane endrar seg når dei kjem hit?

– Eg merkar jo at dei slappar av. Eg merkar at dei er blide, og det er ingen som skulkar.

Reidar tenker mykje på korleis det har gått med elevane som dei siste 20 åra har vore innom garden hans.

– Ikkje minst møter eg mange av dei. Og eg får faktisk besøk av mange tidlegare elevar. Dei aller fleste har det gått godt med, og det gler meg noko enormt.

– Viss ein elev lukkast, og det vesle bidraget eg kan gje gjer at han kan finne sin veg i livet, så har eg gjort ein kjempejobb.