Hopp til innhold

Staten vil at fleire gjer som ho

Staten ynskjer fleire "Inn på tunet" gardar i fylket. Fylkesmannen vil arrangere kurs for å få fleire gardar godkjende.

Linda Rognø driv Hestegarden i Sande i Gaular.

GRØNN OMSORG: Staten ynskjer at fleire gjer som Linda Rognø ved Hestegarden i Gaular. Ho driv 'Inn på tunet'-tenester til born, eldre og demente som treng eit anna tilbod i kvardagen.

– Sårbare grupper kjem til oss, så det er veldig viktig å syne at det vi driv har kvalitet og er sikkert for brukaren, seier Linda Rognø.

Ho driv ein av elleve "Inn på tunet" gardar som er godkjende i Sogn og Fjordane. Ordninga med slike gardar skal gje vanskelegstilte born, eller personar med psykiske lidingar ein betre kvardag, ved å vere på ein gard.

På garden tek ho i mot eldre einsame, tidleg demente og born som ikkje meistrar den vanlege skulekvardagen.

– Dei som kjøper tenestene skal vere trygge på at alt er i orden. At garden er ein trygg stad å vere og bonden skal også vere trygg på det, seier seniorrådgjevar i Matmerk, som godkjenner gardane, Bjørn Austad Hvaleby.

Alt frå helse, miljø og tryggleik til økonomi må godkjennast for at ein gard skal få lov å vere med i "Inn på tunet" ordninga.

Fleire treng meir kunnskap om tilbodet

Målsettinga er å få fleire gardar godkjende. Og for å få fleire gardar gjennom godkjenningssystemet, arrangerer Fylkesmannen i Sogn og Fjordane kurs frå september.

Karoline Bjerkeset er prosjektleiar for "Inn på tunet"-ordnnga ved Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

KURS: Karoline Bjerkeset ved Fylkesmannen i Sogn og Fjordane vil at fleire gardar skal bli godkjende som 'Inn på tunet'.

– Dei verksemdene som blir godkjende har ein felles marknadsføringsprofil og kvalitetssystem. Ein veit kva dei leverer, seier Karoline Bjerkeset, som er prosjektleiar for ordninga hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Ho leier eit treårig prosjekt for å auke merksemda om ordninga. For sjølv om kunnskapen om tilbodet har blitt betre siste åra, så meiner prosjektleiaren at mange veit for lite.

– Framleis er det mange som ikkje veit kva eit slikt tilbod kan gje, og korleis ein kan organisere det. Tilboda er skreddarsydde, og kommunane som kjøper tenestene må sjølv vurdere kva dei har behov for, seier Bjerkeset.

Tilbydarane må ikkje ha kurs for å bli godkjende, men det er ein enkel måte å få oversikt over alle krav som blir sette.

Sjå innslaget frå ein "Inn på tunet"-gard i Angedalen i Førde.
(Artikkelen held fram under videoen)

Inn på tunet for folk med vanskar. Eit opphald på gard kan gjera mykje for livskvaliteten til vanskelegstilte og psykisk sjuke.
I mange kommunar i Norge finst det no eit slikt tilbod, som kan gje ekstra hjelp til dei som verkeleg treng det.

Mange står i kø for å få godkjentstempel

På landsbasis har 323 gardar godkjenninga i orden, medan 200 ynskjer å få det.

– Det er stadig nye som tek kontakt og ynskjer seg inn i den retninga. Ordninga er nemnt i fleire dokument knytt til born og unge, NAV og psykisk helse. Det er eit fullverdig tilbod, og mange ser verdien av det, seier Hvaleby.

Ved Hestegarden i Sande i Gaular, har Linda Rognø sjølv sett at tilbodet har positiv effekt på dei som kjem.

– Eg både ser og veit at det verkar, og studiar har synt det same. Her får folk eit fysisk tilbod, dei får vere ute i flott natur med dyr på garde. Vi øver på sosiale settingar og er sosiale saman. Det er ikkje alle som passar inn i idrettslag, vanlege fritidsaktivitetar og dei treng eit alternativt innhald i kvardagen sin, også på dagtid, seier Rognø.