Hopp til innhold

Oljesøksmål mot Noreg kan truge oljefondet

Oljeutvinning gjer at staten kan bli kravd for enorme beløp i åra som kjem. Det kan gå hardt utover oljefondet, trur jusprofessor.

Oljeplattformen Oseberg

RISIKERER KLIMASØKSMÅL: Noregs olje- og gassproduksjon kan føre til enorme klimasøksmål. Det kan gå utover oljefondet, meiner professor.

Foto: Marit Hommedal / SCANPIX

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Tiår på tiår med norsk utvinning av olje kan gjere at Noreg kan bli mål for gigantiske søksmål frå offer for naturkatastrofar i framtida.

Det trur professor ved juridisk fakultet på Universitetet i Bergen, Jørn Øyrehagen Sunde.

– Viss utviklinga heldt fram slik den gjer i dag, er det heilt sikkert at det vil skje. Kanskje ikkje i morgon, men det vil skje.

Sunde meiner Noreg på denne måten har vore involvert og sjølv hatt store inntekter på petroleumsutvinning.

Viser til USA

Både San Francisco og Oakland i USA har nemleg saksøkt fem av dei største oljeselskapa (ekstern lenke) for dei kostnadane klimaendringane har påført byane.

Ifølgje Sunde vil dette bli ein realitet også i Noreg dersom ingenting vert gjort.

– Staten har gått aktivt inn og støtta utbygging. Han har sjølv eigardelar i oljefelt og bedrifter som driv med oljeutvinning, seier professoren.

Oljefondet er på nærare åtte tusen milliardar kroner.

Jørn Øyrehagen Sunde

FRYKTAR FOR OLJEFONDET: Professor Jørn Øyrehagen Sunde seier at Noreg kan risikere å miste oljefondet.

Foto: Pressefoto

– Kan miste heile oljefondet

Sunde trur summen staten risikerer å bli saksøkt for vil bli tilpassa storleiken på oljefondet.

– Fondet er svært og kan difor betale svært mykje for klimaøydelegging. Det vil vere storleiken på det som set standard for storleiken på eventuelle søksmål, meiner han.

Kan vi miste oljefondet?

– Det er eit mogleg scenario, ja.

– Liten risiko

Hans Andreas Limi

LITEN RISIKO: Finanspolitisk talsmann i Frp, Hans Andreas Limi, trur ikkje det vil kome enorme søksmål, slik Sunde åtvarar mot.

Foto: Andreas Sundby / NRK

Hans Andreas Limi, finanspolitisk talsmann i Frp, ser ikkje bort frå at staten kan verte saksøkt.

– Sunde har nok eit poeng i at det alltid vil vere ein viss risiko for søksmål på grunn av olje- og gassverksemd.

Han trur ikkje det er sannsynleg med gigantsøksmål slik Sunde førespeglar.

– Staten er eigar og direkte involvert. Det gjer at han kan bli ein part i eit slikt søksmål. Eg trur likevel ikkje risikoen er stor, verken for norske selskap eller den norske stat, seier han.

Limi peikar på at investeringane har blitt meir miljøvennlege.

– I tillegg vert jo Statens pensjonsfond utland (SPU) sine investeringar vridd meir i retning av fornybar energi, og det «grøne» investeringsmandatet er utvida, seier han.

Ynskjer ikkje å kommentere

Det er likevel framleis håp, skal ein tru professor Sunde. Han trur likevel at måten oljefondet vert forvalta på må verte endra.

– Viss vi kan gjere det om til eit klimafond der ein løyver pengar og middel til tiltak som skal reparere skadane som har skjedd, vil vi stille mykje betre.

Han meiner staten på denne måten kan unngå store søksmål.

– Då viser vi at midla vert brukte til å overvinne skadane av noko vi sjølv har skapt, seier han.

Den politiske leiinga i Olje- og energidepartementet seier til NRK at dei ikkje ynskjer å kommentere saka.