Hopp til innhold

Oljejobben let venta på seg. Då drog paret til sjøs.

Dei dårlege tidene i oljebransjen førte til at kjæresteparet selde huset for å reisa over Atlanterhavet aleine.

båt10

PÅ EVENTYR: Julie Jørs og Erlend Torkelsen Krogsæther skal segla i eitt år, til Karibia og attende til Bømlo.

Foto: PRIVAT

– Det har vore ein draum, seier Julie Jørs (22) frå Bømlo på telefon frå Lagos i Portugal.

Ho var midt i medisinstudiet, kjærasten Erlend Torkelsen Krogsæther (22) var utdanna ved Bergen tekniske fagskole og hadde gått i lære på supplyskip.

– Men det er vanskeleg å få jobb i oljebransjen no. Derfor valde vi å gjennomføra turen, ta eitt års fri og oppleva nye kulturar, seier Jørs.

båt5

PARADIS: Det vert tid til avslapning, her på ei strand i Berlenga, Portugal.

Foto: PRIVAT

Selde hus og heim

Krogsæther budde i båten i eitt år, og dei selde ein bustad i Bergen for å få råd til draumeprosjektet: Eitt års segling over Atlanterhavet og Det karibiske hav, berre dei to.

Eg blir veldig sjøsjuk.

Julie Jørs (22), eventyrar

Dei starta i august frå Bømlo og ventar no på godt vér i Lagos, heilt sør i Portugal. I løpet av veka seglar dei mot Madeira, Gran Canaria og Kapp Verde, før dei set kursen vestover mot Brasil.

Par på tur

– Det har vore bølger store som fjell på turen. I Irskesjøen opplevde vi vindkast på 55 knop og måtte søkja ly. Vi fekk oss ein støkk. Etter det har vi bestemt oss for å vera meir forsiktige, seier Jørs.

båt2

TURISTAR: Julie Jørs og Erlend Torkelsen Krogsæther i grotter ved Lagos.

Foto: PRIVAT

Har samlivstips

Han er kaptein, ho er kokke.

– Ei veldig tradisjonell kjønnsfordeling, seier Jørs og ler.

– Erlend kan alt det tekniske, medan eg prøver å ta alt det andre, som å laga maten, seier ho.

Han har vore i båt heile livet. Ho blei biten av seglebasilllen under segleferie i Hellas.

båt1

KANAL: Paret tok ein snarveg gjennom Skottland.

Foto: PRIVAT

– Eg blir veldig sjøsjuk. Men eg håpar det skal bli betre no, seier Jørs.

Eitt år i båt over Atlanteren må vera ein god stresstest på eit forhold.

– Du legg merke til alle dei små detaljane. Då er det viktig å ikkje ta opp alt som er irriterande. Heller telle til ti, ta ein liten time-out før du snakkar ut om ting, er Jørs sitt beste samlivstips.

Paret videobloggar undervegs. Her er siste episode:

Ikkje uroleg

Mor, far og besteforeldre har alle hjulpe til med mat. Dei har enno nok, men må proviantera før dei skal kryssa 1600 nautiske mil over havet.

Dei har livbåt og nødpeilesendar om noko skulle gå galt. Satellittelefon blei for dyrt, men dei skal kjøpa eit system som gjer det mogleg å kommunisera via ein sentral i USA.

– Det verste så langt var at vi ikkje hadde autopilot før vi kom til Spania. Det er heilt avgjerande, slik at vi slepp å styre manuelt heile tida, seier Jørs.

Dei får støtte av familien, sjølv om nokre av dei heime sjølvsagt er litt bekymra.

– Det er like farleg å gå til sentrum der eg bur, som å vera på denne båten, seier Jørs.

Sparte 100 000 kr - reiste verden rundt

Reiser jorda rundt i uprøvd båt