Det var sterke inntrykk i Bergen tingrett måndag.
Rettsmedisinar Inge Morild ved Gades institutt i Bergen gjekk gjennom obduksjonsrapporten etter drapet på Sebastian Seterås (21) i Fyllingsdalen natt til 23. mars i fjor.
Ein 22 år gamal mann er tiltalt for drapet på Seterås, medan mora til 22-åringen er tiltalt for å ikkje ha ringt helsehjelp og for å ha forsøkt å fjerne bevis.
I retten måndag vart det åtvara om at det ville bli vist bilete som kunne vera vanskelege å sjå på for dei kring tjue tilhøyrarane i salen.
– Ei frykteleg vanskeleg sak
Eitt av dei store spørsmåla i saka er om Seterås allereie var død då 22-åringen kasta han over rekkverket i sjuande etasje på høgblokka, eller om han var i live og difor kunne reddast.
Den drapstiltalte 22-åringen har i si eiga forklaring fortald om grov vald på kompisen inne i leilegheita. Til slutt knuste han ei spritflaske i panna hans og slo til det ikkje var «meir liv i han».
Han hevdar Seterås var død før han bestemte seg for å fingera eit sjølvmord og kaste han utfor høgblokka.
– Eg er veldig usikker på om tiltalte har rett i at han døde der og då etter valden, sa rettsmedisinar Inge Morild.
– Men dette er ei frykteleg vanskeleg sak. Eg meiner det mest sannsynlege er at han døde av fallet, men at det finst moglegheiter for at han var død før det også.
Sterke inntrykk i retten
Den første konklusjonen etter obduksjonen var at Seterås døydde av knusingsskadar i hovudet, forenleg med fall frå stor høgde.
I retten måndag gjekk Morild detaljert gjennom skadane på den avdøde sin kropp. I panna fant rettsmedisinarane kutt påført av den knuste spritflaska, slik tiltalte har forklart.
– Skadane har ført til store blødingar, men har ikkje vore alvorlege, sa Morild.
Han viste også hevingar i ansiktet som han er typiske for vald av stump gjenstand, som til dømes ein knyttneve. Også det er i samsvar med slik den drapstiltalte har forklart seg om valden.
– Men dei hevingane må ha hatt tid til å utvikle seg. Alt frå nokre minutt til ein time, påpeika Morild.
Det er tidlegare lagt fram i retten at dei to tiltalte i kring 40 minutt har forsøkt 27 telefonoppringingar til vener, familie og kjente etter at valden skal ha vore utført.
Først klokka 04.25 ringde dei naudetatane samstundes.
- Drapstiltalte si forklaring:
Høg promille
Det er fleire årsaker til at det er vanskeleg for rettsmedisinarane å uttale seg bastant om det noko av det mest sentrale i saka.
Blodprøvar synte at Seterås hadde ein promille på 3,6 då han døydde.
– Når ein blir slått mange gonger i ansiktet medan ein har høg promille, så blir ein medvitslaus. Det kan likne det å vera død, forklarte Morild.
Så sa rettsmedisinaren at han ikkje har sett nokon døy av knyttneveslag i ansiktet før, men at kombinasjonen av høg promille og at han var medvitslaus, kan ha gjort at 21-åringen pusta dårleg og etter ei tid kan ha døydd av kveling forårsaka av indre blødingar.
– Eg trur ikkje han døydde momentant av valden der og då. Men vi kan ikkje heilt sikkert seie om han var i død eller i live då han trefte bakken, sa Morild.
Liket frakta vekk før krimteknikarane kom
Rettsdag fire starta med krimteknikarar frå Vest politidistrikt og Kripos som gjekk gjennom spor og bevis dei har sikra i etterforskinga av saka.
Då politiet vart kalla ut til høgblokka i Dag Hammarskjölds vei, var det etter at den no drapstiltalte 22-åringen ringde og sa at kameraten hadde tatt livet sitt.
Måndag kom det fram at dette truleg fekk konsekvensar for den aller første delen av etterforskinga. Liket av Seterås var nemleg frakta vekk frå åstaden før krimteknikarane seinare på formiddagen kom til åstaden.
– Hadde det vore soleklart frå starten av at dette var eit drap, ville vi truleg sett opp eit telt rundt åstaden. Så hadde vi gjort fleire undersøkingar av til dømes stivleik og varme i avdøde sin kropp og dokumentert dette betre, sa kriminalteknikar Ruth Solfrid Hårklau Fløystad i Vest politidistrikt i retten.
Obduksjon etter tre dagar
Også rettsmedisinar Inge Morild peika på dette problemet i starten av si forklaring.
Obduksjonen av den avdøde vart gjort først måndag 26. mars 2018, tre dagar etter drapet.
Det var same dag som det vart tatt ut siktelse for drap. Fram til då var 22-åringen sikta for vald mot den avdøde.
Hadde drapsalarmen gått tidlegare, hadde ein gjort obduksjonen allereie fredag 23. mars, sa Morild.
– Det beste hadde vore om nokon på staden umiddelbart såg etter sokalla dødsflekkar og stivleik i kroppen. Dødsflekkar oppstår ein halvtime til to timar etter at døden inntreffer.