Hopp til innhold

Tiltalt i opptak: «Eg berre drap han, eg». Så ringde han politiet og sa Sebastian tok livet sitt

BERGEN TINGRETT (NRK): – Bestevennen min har kasta seg ut frå sjuande etasje, sa 22-åringen i naudsamtalen med politiet. Men 39 minutt før hadde han innrømma drapet.

Sebastian Seterås og Smirnoff-flaske

FUNNEN DØD: Sebastian Seterås (21) vart utsett for vald med mellom anna ei spritflaske, før han vart kasta over rekkverket på ei høgblokk i Fyllingsdalen.

Foto: Privat / Politiet

Rettssalen i Bergen tingrett var heilt fullsett av tilhøyrarar måndag.

Eit tjuetals personar, både vener og familie av både den drepne Sebastian Seterås (21) og dei to tiltalte, var på plass for å følge rettssaka etter dødsfallet ved høgblokka i Fyllingsdalen i Bergen i fjor vår.

Dei tiltalte, mor (50) og son (22), svarte klart og tydeleg då dommar Håkon Rastum las opp tiltalane mot dei like etter klokka 09.30.

Mora erkjenner ikkje straffskuld for ikkje å ha skaffa helsehjelp og for å ha forsøkt å fjerne bevis.

Sonen hennar erkjenner straffskuld for drap på kameraten Sebastian Seterås, men med atterhald.

– Hans oppfatning var at Seterås var død før han løfta han over rekkverket på høgblokka, sa forsvarar Øystein Storrvik etter innleiinga til aktor Benedicte Hordnes.

Mistenkelig dødsfall Fyllingsdalen

22 METER: Fallet frå sjuande etasje i høgblokka er på kring 22 meter, ifølge Statsadvokaten. 21-åringen døydde av knusingsskadar i hovudet.

Foto: Bjørn Erik Larsen / Bergens Tidende / NTB scanpix

Synte bilete av åstaden

Det var 22-åringen som sjølv ringde politiet like før klokka 04.30 natt til 23. mars 2018.

Framme på staden fann politiet Sebastian Seterås liggande på bakken. Det vart heilt stille i rettssalen då statsadvokat Hordnes viste bilete av korleis den unge mannen vart funnen utanfor blokka.

Etter kvart kom 22-åringen ut av blokka.

Der forklarte han politiet at kameraten hadde tatt livet sitt, og at han ikkje hadde greidd å stoppe han før han hoppa over rekkverket.

Han vart tatt med til legevakt for eit avhøyr, men sidan han ikkje hadde status som mistenkt eller sikta, tok ikkje politiet prøvar av 22-åringen.

– Etter fleire undersøkingar på åstaden, forstår politiet at det har skjedd noko valdeleg i forkant av det påståtte sjølvmordet, sa Hordnes i innleiingsforedraget.

22-åringen vart pågripen og sikta for vald seinare same dag. Tre politiavhøyr seinare endra han forklaring, og innrømte at kameraten ikkje hadde tatt livet sitt.

– Eg klarte ikkje halde på løgna lenger, forklarte tiltalte då han starta si forklaring i retten måndag.

Opptak: – Tok livet sitt

Måndag ettermiddag spelte aktor av opptak av naudtelefonen drapstiltalte ringte inn til politiet klokka 04.25.

Der fortel 22-åringen at «bestevennen har kasta seg ut frå sjuande etasje og tatt livet sitt».

I opptaket er han først roleg, før han græt. Då sentralen stiller fleire spørsmål, blir han hissig og aggressiv.

«Om det er eg som har gjort dette, så får de faen meg bevise det», seier han.

I retten er det første gang drapstiltalte får høyre naudtelefonen.

– Dette vil eg beklaga på det sterkaste. Det er grusomt at eg har opptredd slik. Eg er einig i at dette kan høyrast planlagt ut.

Han innrømte i retten òg å ha sagt på eit anna opptak, funne på mora sin telefon, at «eg berre drap han, eg». Dette opptaket, som òg vart spelt av i retten, vart gjort klokka 03.46. Det var 42 minutt før han ringde politiet.

– Dette er jo heilt sjukt. Kven eg seier det til, hugsar eg ikkje, sa 22-åringen i retten.

Benedicte Hordnes i retten

AKTOR: Statsadvokat Benedicte Hordnes (sittande) og bistandsadvokat Christan Flemmen Johansen (til venstre) i Bergen tingrett måndag.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Var på byen

Den no drapstiltalte 22-åringen opna forklaringa si måndag med å fortelje om eit omfattande rusmisbruk heilt sidan ungdomsskulen.

Han forklarte at Seterås inviterte han med på ei øl ute på byen om kvelden 22. mars i fjor. 22-åringen tok med mora si, fordi «det var ho som hadde pengar».

Han seier han hugsar lite av det som skjedde på byen, og korleis dei kom seg heim att til høgblokka i Dag Hammarskjölds veg, der dei tre heldt fram med festinga.

Då dei gjekk tomme for alkohol, fekk 22-åringen tak i ein liter vodka av kjenningar, forklarte han, og han tok også ei stripe kokain då han møtte seljarane i ein bil utanfor.

22-åringen måtte betale med Seterås sine pengar, og forklarte at Seterås kom med frekke kommentarar om økonomien hans.

Øyvind Storrvik og Kaj Wigum

FORSVARAR: Øyvind Storrvik (til venstre) forsvarar den drapstiltalte 22-åringen, medan Kaj Wigum er forsvarar for den medtiltalte mora (50).

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Fekk eit kick av å angripe

Seinare var stemninga likevel god i leilegheita, forklarte tiltalte.

Heilt til han etter ein tur på kjøkkenet hevdar han såg kameraten prøve å kysse mor hans då han kom inn att i stova.

– Mor mi skubba han vekk, og eg skreik «kva faen er det du held på med?». Då reiste han seg, møtte meg på midten av golvet og skreik tilbake. Då slo eg til han så hardt at han måtte stø seg i golvet med eitt kne, forklarte den tiltalte.

Ifølge 22-åringen prøvde Seterås å slå tilbake. Då «svartna det», forklarte tiltalte.

Framfor foreldra til Seterås i retten fortel han om svært omfattande vald mot sonen deira.

– Eg slo han med både høgre og venstre knyttneve. Han prøvde å komme seg unna og inn på soverommet mitt. Eg løfta han opp i senga og heldt fram med å slå han.

Medan Seterås ligg i senga, skal han ha spurt om han kunne få gå.

– Eg tenkte for meg sjølv at det skal han få lov til. Så gjekk eg og henta den spritflaska vi hadde kjøpt, og knuste den i panna hans. Eg heldt fram å slå han til det ikkje var meir liv i han, fortalde den drapstiltalte.

– Eg fekk eit kick av å angripe han, la han til.

Høyblokk i Bergen der politiet mener drap skjedde

22 METER: Seterås blei kasta over rekkverket frå sjuande etasje i høgblokka.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Overtydd om at han var død

Då det gjekk opp for han kva han hadde gjort, forklarte tiltalte at han tenkte «korleis skal eg fikse dette?». Han sjekka telefonlista for å sjå om nokon kunne hjelpe han.

Men så bestemte 22-åringen seg for å bere kameraten ut av leilegheita, slik at ingen kunne hevde at det var han som hadde drepe han, forklarte han.

– Men korleis visste du at han var død, ville dommar Håkon Rastum vite.

– Han var heilt livlaus, og eg såg at han ikkje pusta.

– Sjekka du pulsen hans?

– Nei, det gjorde eg ikkje. Men eg var hundre prosent overtydd om at eg hadde drepe han.

Tiltalte forklarte at han bar kameraten ut av soverommet, gjennom stova og ut på svalgangen. Han klarte ikkje å løfte han over rekkverket på første forsøk, men lukkast då han prøvde igjen.

Ifølge tiltalen fall Sebastian Seterås 22 meter ned frå sjuande etasje i blokka.

– Eg turte ikkje sjå over kanten på rekkverket. Det var heilt forferdeleg og grufullt det eg gjorde. Etter nokre minutt ringde eg politiet, forklarte tiltalte.

Drapssak Fyllingsdalen, bevisbilde politiet

TØRRE KLE: I vaskemaskina i leilegheita fann politiet tørre og skitne kle som var lagt framfor våte og reine kle. Dei skitne kleda hadde blodet til den drepne på seg. Mora nektar for at ho prøvde å fjerne bevis. Ho nektar også å forklare seg i rettsaken.

Foto: Politiet

NRK rettar: I den første versjonen av saka stod det at drapstiltalte ringte politiet klokka 04.28. Det riktige tidspunktet er 04.25.