Hektisk telefonaktivitet då Sebastian blei kasta frå 7. etasje: «Trur du han overlever?»

BERGEN TINGRETT (NRK): Mora (50) til mannen som er tiltalt for drap på Sebastian Seterås (21) ringde 17 gonger til andre, før ho til slutt kontakta ambulanse.

Montasje høgblokk i Fyllingsdalen og telefonbevis

KASTA UT: Ein 22 år gamal mann erkjenner å ha løfta kameraten over rekkverket i sjuande etasje i høgblokka i Fyllingsdalen. På dag to av rettsaka la aktor fram telefonloggane til dei to tiltalte i saka.

Foto: NRK/Politiet

Ein 22 år gamal mann erkjenner å ha drepe Sebastian Seterås (21) i ei høgblokk i Fyllingsdalen 23. mars 2018.

I Bergen tingrett måndag forklarte han at han var sikker på at kameraten hans allereie var død, då han kasta han over rekkverket i sjuande etasje.

Det er eitt av fleire sentrale spørsmål i drapssaka – der også mora til 22-åringen er tiltalt.

Kvinna (50) er tiltalt for ikkje å ha ringt etter helsehjelp og for å ha prøvd å fjerne bevis.

Sebastian Seterås og Smirnoff-flaske

DREPEN: Sebastian Seterås (21) blei slått med ei spritflaske av den drapstiltalte 22-åringen.

Foto: Privat / Politiet

Nekta å forklare seg

Ho nektar straffskuld etter tiltalen. Tysdag var det i utgangspunktet planlagt at kvinna skulle få forklare seg.

Men forsvarar Kaj Wigum har tidlegare varsla at ho vil nytte seg av retten til å ikkje forklare seg.

– Eg er nøydd til å opplyse deg om at det kan slå ugunstig ut for din sak, sa dommar Håkon Rastum til 50-åringen då ho sette seg i vitneboksen tysdag.

– Ja, eg er informert om det, svara ho, før ho igjen tok plass ved sida av forsvararen.

Aktoratet meiner Sebastian Seterås kunne blitt redda etter valden inne i leilegheita, og at det var fallet på 22 meter som gjorde at han døydde.

Wigum seier kvinna uforskyldt kom i ein vanskeleg situasjon ho ikkje hadde ansvar for at oppstod, at det har vore belastande for ho å vere sikta, og at ho ikkje maktar påkjenninga ved å forklare seg i retten.

Benedicte Hordnes i retten

AKTOR: Benedicte Hordnes saman med bistandsadvokat Christian Flemmen Johansen (t.v.)

Foto: Jon Bolstad / NRK

27 telefonar før dei ringde naudetatane

Den drapstiltalte 22-åringen har forklart at han etter valdshandlingane såg gjennom telefonlista si for å sjå om det var nokon som kunne hjelpe han med å kome ut av situasjonen.

– Men eg kan ikkje hugse å ha ringt nokon. Eg kan heller ikkje hugse at det har vore nokon kommunikasjon mellom meg og mor mi. Ho hadde sin telefon og eg hadde min telefon, sa 22-åringen i retten.

Etter kort tid kom han ifølge seg sjølv på at han kunne kaste kameraten over rekkverket og skulde på sjølvmord.

Tysdag viste Hordnes ei oversikt over aktiviteten på dei to tiltalte sine telefonar den natta.

Den syner at drapstiltalte har prøvd totalt ti telefonoppringingar mellom 03.47 og 04.21. Den medtiltalte mora har forsøkt 17 telefonanrop mellom 03.38 og 04.21.

Det er altså den medtiltalte mora som først plukkar opp telefonen etter at valden har skjedd:

  • Ho ringer sin eksmann, faren til drapstiltalte, klokka 03.38.

  • Få minutt seinare prøver 22-åringen å ringe same person.

  • Begge ringer ein nabo i høgblokka.

  • Den drapstiltalte ringer også til mannen som selde dei sprit tidlegare på natta.

telefonlogg tingretten fyllingsdalen drap

17 OPPRINGINGAR: Aktor la fram loggen over telefonaktiviteten til den medtiltalte mora. Først klokka 04.25 ringde ho 113.

Foto: Politiet

Dottera viktig vitne

Klokka 03.51 ringer mora til dottera si. Samtalen varar i to minutt. Klokka 04.17 ringer ho dottera igjen, i ein samtale som varar over tre minutt. 04.21 ringer dottera tilbake.

Dottera, søstera til den drapstiltalte 22-åringen, blir eit viktig vitne i rettssaka.

Klokka 04.25 ringer 22-åringen politiet og seier at «bestevennen min har kasta seg ut frå sjuande etasje», medan mora samstundes ringer 113.

Aktoratet spelte av eit opptak av samtalen.

– Kva er det som har skjedd? Har han hoppa, spør operatøren.

– Eg veit ikkje. Eg håpar ikkje det, svarar mora.

La igjen beskjed på telefonsvarar

Aktoratet har fleire lydopptak som bevis i saka. Mellom anna er det lagt igjen ein beskjed på telefonsvararen til faren til den drapstiltalte.

Opptaket er gjort på oppringinga til den medtiltalte mora, som prøvde å ringe eksmannen sin klokka 03.38.

Det er vanskeleg å bedømma kven som snakkar, men 22-åringen nektar ikkje for at det er han.

– Det kan høyrest ut som det blir sagt «trur du han overlever?», sa tiltalte då han fekk kommentere opptaket måndag.

Øyvind Storrvik og Kaj Wigum

FORSVARARAR: Øystein Storrvik og Kai Wigum i Bergen tingrett.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Gav annan versjon i politiavhøyr

Statsadvokat Hordnes trur mora var inne på soverommet der Seterås hadde blitt utsett for vald, og trur heller ikkje 22-åringen var sikker på at Seterås var død etter valden, slik tiltalte har forklart.

– Viss du veit at han er død, kvifor skal du då spørje i opptaket «trur du han overlever?», ville Hordnes vite i retten tysdag, utan å få eit tydeleg svar frå tiltalte.

– Og kvifor skulle det spørsmålet gi meining for mor di å svare på, når du seier ho ikkje var inne og sjekka han, følgde Hordnes opp.

– Eg klarer ikkje svare på det. Eg har et ønske om at skuld skal plasserast der det er hensiktsmessig. Det er ikkje min jobb å skulde mor for noko, sa 22-åringen.

I politiavhøyr har drapstiltalte derimot fortalt om kommunikasjon mellom han og mora om kven dei skulle ringe, og at dei diskuterte kva dei skulle gjere.

– Eg skjønar at eg kan ha vore så skaka at eg kan ha sagt noko sånt. Men eg kan ikkje hugse å ha ringt nokon og eg kan ikkje hugse at vi har kommunisert. Det er vel eg som snakkar høgt til meg sjølv i ein stressa situasjon, svarte tiltalte.