Hopp til innhold

Mora ringde dottera etter valden mot Sebastian: – Ho sa eg måtte skaffe hjelp

BERGEN TINGRETT (NRK): Var Sebastian Seterås (21) død før han blei kasta frå høgblokka i Fyllingsdalen? Er svaret ja, kan mora til drapstiltalte sleppe straff for ikkje å skaffe hjelp.

Sebastian Seterås og soverom drapssak Fyllingsdalen

GROV VALD: På dette soverommet i leilegheita blei Sebastian Seterås utsett for grov vald før han blei kasta ut frå blokka. Spørsmålet er når han døydde.

Foto: Privat / Politiet

I saka om drapet på Sebastian Seterås (21) i Fyllingsdalen, er det to spørsmål som er heilt sentrale:

  • Var 21-åringen allereie død, etter vald inne i leilegheita, då han vart kasta over rekkverket i sjuande etasje på høgblokka?
  • Kva skjedde i timen etter at 21-åringen var utsett for grov vald og fram til den drapstiltalte ringde politiet 04.25?

Ein 22 år gamal mann har erkjent drapet på Seterås, men forklarer at han er sikker på at kameraten var død då han løfta han over rekkverket. Han ville fingera eit sjølvmord, noko som kom tydeleg fram i nødsamtalen hans til politiet.

Mora til 22-åringen er tiltalt for å ikkje ha ringt etter helsehjelp, og for å ha forsøkt å fjerne bevis. For henne er svara på dei to spørsmåla heilt avgjerande for kva behandling ho vil få av dommarane i Bergen tingrett.

Sebastian Seterås ble funnet drept i Fyllingsdalen mars 2018

FUNNEN DØD: Sebastian Seterås (21) vart funnen død utanfor ei høgblokk i Fyllingsdalen, 23. mars 2018.

Foto: Privat

La vekk drapsskulding

I retten vil aktor, statsadvokat Benedicte Hordnes, bevise at det var fallet som tok livet av Seterås. Dermed vil ein kunne hevde at livet hans kunne vore redda om naudetatane hadde blitt kontakta i tide.

Men om retten er samd i at Seterås døde av valden i leilegheita, og at mora ikkje kunne forhindra at sonen utførte den, blir det vanskeleg å straffe mora for ikkje å prøve å redde Seterås.

Forsvarar Kaj Wigum har i retten sagt at kvinna uforskyldt kom i ein vanskeleg situasjon ho ikkje hadde ansvar for at oppstod.

50-åringen var lenge sikta for medverknad til drap. Det var det ikkje bevis for, meinte Riksadvokaten, som la vekk drapsskuldinga mot henne før den endelege tiltalen vart skrive.

Montasje høgblokk i Fyllingsdalen og telefonbevis

BEVIS: Aktoratet har lagt fram telefonloggane til dei to tiltalte i drapssaka. Dei viser 27 forsøk på oppringingar i ein periode på kring 45 minutt.

Foto: NRK/Politiet

«Han berre ligg der»

Onsdag, tredje dag i rettssaka, var det den 27 år gamle søstera til den drapstiltalte 22-åringen sin tur til å forklare seg som vitne.

Som NRK tidlegare har fortald, syner telefonloggen at dei to tiltalte totalt gjorde 27 oppringingar til andre før dei ringde naudetatane.

To av telefonane gjekk til 27-åringen. Det var den medtiltalte mora som ringde dottera klokka 03.51 og klokka 04.17.

Sidan ho var den siste ein av dei tiltalte snakka med før naudetatane vart kontakta, er hennar forklaring viktig for å avgjera kor involvert mora var før Seterås vart kasta ut frå sjuande etasje.

– Den første samtalen hugsar eg ikkje så mykje av, anna enn at eg feide det av som fyllesnakk og vart irritert. Eg skulle tidleg på jobb og ville sove. Mor sa noko hadde skjedd og at eg måtte ringe far for å skaffe hjelp, fortalde dottera i Bergen tingrett onsdag.

Kva 50-åringen ønskte hjelp til, er uklart. Ho nektar å forklare seg i retten.

Dottera seier ho prøvde å legge seg til å sove igjen, men forklarar at ho hadde ei uroleg kjensle i kroppen. Så ringde telefonen att ein knapp halvtime seinare.

– Då gjentok mamma seg sjølv fleire gonger: «Han berre ligg der, han berre ligg der». Eg fekk ikkje noko ut av ho. Då stod eg opp og gjorde meg klar for å reise til Fyllingsdalen for å sjå kva som skjedde.

Vitneboks Bergen tingrett

VITNA: Søstera og dottera til dei to tiltalte i drapssaka i Fyllingsdalen, fortalde om telefonsamtalane med mor si drapsnatta.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Kvifor bad mora om hjelp?

Aktor Benedikte Hordnes las også opp forklaringane dottera gav til politiet i avhøyr mars 2018. Der sa 27-åringen meir enn ho gjorde i retten.

I avhøyr har dottera forklart at mora i den siste telefonsamtalen sa «herregud, eg trur han er død. Han berre ligg der. Du må komme».

I den første samtalen 03.51 har dottera forklart at mora sa broren hennar og Seterås hadde krangla. Ho har også forklart at ho høyrde broren i bakgrunnen ropa «faen, kven er det du snakkar med».

– Det eg sa i politiavhøyra er nok den mest riktige forklaringa, for då hugsa eg betre, kommenterte dottera.

Spørsmålet er altså kor skada Seterås var når han blei kasta frå blokka, og om retten kjem til at mora bad dottera skaffe hjelp fordi Seterås' liv framleis sto til å redde.

Men sett i samanheng med at mora også er tiltalt for å ha forsøkt å fjerne bevis, kan spørsmålet hennar om «å skaffe hjelp» også tolkast til å meine noko heilt anna.

I vaskemaskina i leilegheita låg det tørre klær, som krimteknikarar fann blodet til avdøde på. Kleda, som skal tilhøyre sonen, hadde også brennmerker.

Statsadvokaten vil prøve å bevise at det var mora som med dette prøvde å fjerne bevis som kunne peike på sonen.

Vaskemaskin leilighet drapssak Fyllingsdalen

TILTALT FOR Å FJERNE BEVIS: Mora til den drapstiltalte er også tiltalt for å ha prøvd å brenne kleda til sonen og så kaste dei i vaskemaskina. Politiet har funne blod frå den avdøde på 22-åringens klede.

Foto: Politiet

Møtt av politi og ambulanse

Dottera forklarte at ho kom fram til høgblokka i Fyllingsdalen like over klokka 05 om morgonen 23. mars 2018. Der vart ho møtt av politi og ambulansar.

– Eg såg det låg ein person på bakken. Det var kaos på staden. Eg fekk ikkje komme opp i leilegheita, fortalde dottera.

Retten tar pause til måndag neste veke. Då skal den rettsmedisinske rapporten etter obduksjonen av avdøde leggast fram.