Hopp til innhold

Nye tunnelar kan få Bergensbanen ned mot fire timar

Den lengste er på 17 kilometer og kuttar 20 minutt i reisetida mellom Noregs to største byar.

Bergensbanen om vinteren

KUTTAR REISETID: Nye satsingar på Bergensbanen gjer at den nærmar seg ei reisetid på under fem timar mellom Bergen og Oslo.

Foto: Rolf-M-Sørensen / NSB

Fire timar mellom Bergen og Oslo. Det er det magiske talet for alle som er opptatt av Bergensbanen.

Lenge har toga gått i sin vande takt på mellom 6,5 time og 7,5 time mellom dei to byane.

Men dei siste åra har det blitt fart på sakene. Nye Ringeriksbanen og nye Vossebanen er begge under planlegging og vil korte ned tida med høvesvis 50 og 45 minutt.

– Ein ny togtrasé frå Mjølfjell og austover vil korte ned reisetida med ytterlegare 20 minutt, seier regiondirektør Lars Christian Stendal i Jernbanedirektoratet.

Bergensbanen 4 timer

Ser på moglegheitene

I handa har han ein fersk moglegheitsrapport for strekninga mellom Mjølfjell og Lågheller ved Finsetunnelen. I lenger tid har Jernbanedirektoratet jobba med ei utbetring av den rasutsette strekninga, som er både kostbar og krevjande å halda ved like.

– Mellom anna er veldig mykje vatn langs sporet som frys til is om vinteren. Kvar dag må vi fjerna is, viss ikkje så veks det over sporet, forklarar Stendal.

Det at regjeringa har vedteke trasé for Ringeriksbanen og satsa på ei stor og dyr utbygging av nye Vossebanen, har gjort det interessant å også sjå kva tidsgevinstar som ligg i dei nye traséane som Jernbanedirektoratet har teikna opp mellom Mjølfjell og Finsetunnelen (sjå kartet).

Ei løysing inneber fleire nye tunnelar, mellom anna ein 17 kilometer lang tunnel opp til Hallingskeid, som kappar ytterlegare 20 minutt på reisetida.

Fjernar Myrdal som stasjon

– Når Ringeriksbanen og nye Arna-Voss er på plass, vil vi få mange nye reisande som ikkje har sett på toget som ein moglegheit tidlegare. Viss vi i tillegg får ei tidsinnsparing her på tjue minutt, kan det gjera heile prosjektet langt meir samfunnsøkonomisk nyttig enn det er i dag, seier Stendal.

Han presiserer at ei mogleg utbygging frå Mjølfjell ligg langt fram i tid. Moglegheitsstudien er laga for å gi Bane NOR gode avgjerdsgrunnlag i framtida.

Alternativ med lang tunnel vil også fjerna Myrdal som stasjon på Bergensbanen. Ei løysing vil vera å frakta passasjerar til og frå Flåmsbana frå Mjølfjell.

Lars Christian Stendal

MOGLEGHEITSSTUDIE: Regiondirektør Lars Christian Stendal og dei andre i Jernbanedirektoratet har fleire prosjekt i sving på Bergensbanen for tida.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Positiv

Moglegheitene som Jernbanedirektoratet har skissert på høgfjellet, er gode nyheiter for interesseorganisasjonen Forum Nye Bergensbanen. Dei jobbar for å få Bergensbanen ned i fire timar og er naturleg nok nøgde med at ein ser på moglegheitene også over fjellet.

Likevel er fokuset no på å sikra dei store utbyggingane ut av Oslo og Bergen.

– Det er vår første prioritet. Men Ringeriksbanen og Vossebanen vil bli meir nyttige, viss ein også gjer desse utbetringane i midten, seier leiar Morten Myksvoll.