NRK Meny
Normal

Vil bruke 33 milliardar: – På høg tid E16 blir trygg

ARNA (NRK): Åtte nye tunnelar for både bil og tog skal redusera reisetida med ein halvtime mellom Bergen og Voss

Stendal, Solvik-Olsen, Mæland og Eidsnes

HAR BESTEMT SEG: – Eg håpar dette er eit godt bodskap, og så skal vi samarbeide vidare for å få realisert dette, seier samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen då han presenterte ny veg mellom Arna og Voss til 33 milliardar kroner.

Foto: NRK

– Vi har konkludert med at vi skal leggje til grunn K5-alternativet for å løyse utfordringane mellom Bergen og Voss, sa samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen då han presenterte avgjerda i Indre Arna i dag.

Dermed går regjeringa for det mest populære av dei fem alternativa som blei sendt ut på høyring.

LES OGSÅ: – Dette betyr at vi blir høyrt og forstått

– Dette er ei viktig avgjerd, men vi er langt frå i mål. Det er no det tøffe arbeidet begynner. No må vi få prosjektet inn i Nasjonal transportplan, og sørge for konkrete byggjeplanar, sa samferdsleministeren.

LES OGSÅ: Over 200 ras på ti år

For andre gang på to uker er E16 stengt på grunn av jordras.

FOR EIT ÅR SIDAN: Slik såg E16 ut etter eit jordras hausten 2014.

Foto: Rikke Emlie Rusten/Helene Wiese-Hansen / NRK

– Det er på høy tid at E16 blir trygg på denne strekningen. Akkurat no er den utrygg, og den har tatt for mange liv, sa næringsminister Monica Mæland på presentasjonen.

Startar med Arna-Stanghelle

«K5-alternativet» legg opp til å kutte reisetida med bil Arna-Voss frå 72 til 46 minutt, med mellom anna åtte nye tunnelar for bil og tog. Reisetida med tog på same strekninga blir kutta frå 63 til 24 minuttar.

Næringsministeren vil at Jernbaneverket og Statens vegvesen skal starte med strekninga Arna-Stanghelle.

– Det er den første strekninga dei skal fikse, så no blir det viktig å få den inn i NTP som skal bli vedtatt om eit år, sa Solvik-Olsen.

Slik blir K5-alternativet

  • Stor innkorting av både veg og jernbane, i hovudsak langs dagens trasé.
  • Kuttar reisetida med bil Arna-Voss frå 72 til 46 minutt (føresett fart på 90 km/t).
  • Meir enn halverer reisetida med tog Arna-Voss frå 63 til 24 minutt.
  • Prioriterer åtte lange, nye tunnelar for både bil og tog.
  • Ny firefelts møtefri bilveg mellom Arna og Trengereid, og tofelts veg vidare til Voss. I dagen vil vegen ha midtrekkverk, i tunnelane vil det vera midtfelt.
  • Nytt dobbeltspor for Bergensbanen på heile strekninga mellom Bergen og Voss, med seks stasjonar: Voss, Bolstad, Dale, Stanghelle, Vaksdal og Arna.
  • Tunnelane til tog og bil skal byggjast ved sida av kvarandre, og fungere som rømmingsvegar for kvarandre.
  • Kostnaden blir 33 milliardar kroner.

Les heile pressemeldinga frå regjeringa her (ekstern lenke).

Kart over ny E16 K5-alternativet

SLIK BLIR NYE E16: Den sokalla K5-løysinga, som vil gi åtte nye tunnelar for både bil og tog og kuttar reisetida kraftig mellom Bergen og Voss.

Foto: Statens vegvesen

Fem ulike alternativ for ny E16 har vore diskutert. Kostnadene for alternativa varierer frå 2,8 milliardar til 55 milliardar kroner.