Hopp til innhold

Denne enkle løysinga kan betra søvnen for millionar

RADØY (NRK): Nattesøvnen vart øydelagd av apparatet som skulle hjelpa Kenneth Tonning å pusta om natta. No lanserer han løysinga som kan hjelpa alle med søvnapné.

Hjelper pasienter med søvnapné

OPPFINNING: Ei pustemaskin, også kjent som CPAP ('continuous positive airway pressure') er vanleg behandling mot søvnapné. Men slangen kan gjera det vanskeleg å ha på. Det har Kenneth Tonning gjort noko med.

Foto: Siri Løken / NRK

– Det maskina skulle hjelpa meg med hjelpte ikkje. Eg var nøydd til å løysa eit problem.

Kenneth Tonning er ein av stadig fleire nordmenn som slit med sjukdomen søvnapné. Den kroniske lidinga fører til mange og korte pustestopp i søvne, noko som gjev personar med lidinga dårlegare søvnkvalitet.

I kvardagen merkar ein sjukdomen ved at ein kjenner seg trøytt og uopplagd. Dei andre symptoma som snorking og urolege søvnvanar er det stort sett partnaren som må halda ut.

Mista nattesøvnen av behandlinga

Ei canadisk undersøking frå 2008 viser at personar med obstruktiv søvnapné har dobbelt så stor risiko for å hamna i bilulukker samanlikna med personar utan lidinga (ekstern lenke).

Blant dei mest vanlege behandlingsmetodane er ei pustemaskin, CPAP, som blæs luft inn gjennom nase og munn. Men for småbarnsfaren frå Radøy gjorde behandlinga som skulle redda nattesøvnen at han ikkje fekk sova. Leidningane kom i vegen.

– I løpet av natta kan du snu deg opp mot hundre gongar. Eg vakna 15–20 gongar om natta fordi eg måtte retta på pusteutstyret. Eg måtte gjera noko. No har eg sove med prototypar av denne oppfinninga i ti år.

Eit enkelt stativ som held leidningane til pustemaskina på plass, vart løysinga.

– Her kan du gjera som du vil, utan avgrensingar. Du ser at slangen ligg heilt kontrollert, fortel Tonning og demonstrerer i huset på Radøy.

Søvnapné

SÅ ENKELT: – Eg vakna 15–20 gongar om natta fordi eg måtte retta på pusteutstyret. Eg måtte gjera noko, seier Kenneth Tonning.

Foto: Siri Løken / NRK

Aukande førekomst

Løysinga kan høyrast enkelt ut, men ingen har kome på det før.

Med hjelp frå Innovasjon Norge og gründermiljøet i Nordhordland er det denne veka lansering både i Noreg og internasjonalt. Ifølgje Industriutvikling Vest, som har utvikla produktet, har interessa vore enorm frå mellom anna Australia, Tyskland, Sverige og Austerrike.

I dag har rundt ti prosent av nordmenn lidinga, og førekomsten er stigande. Aukande overvekt og ein meir stillesitjande livsstil gjer at fleire får pustevanskar i søvne.

– Når ein legg på seg på utsida av kroppen, legg ein også på seg innvending. Då vert det trongare i halsen og svelget. Dessutan er medfødd anatomi og røyking forbunde med utvikling av søvnapné, fortel seksjonsoverlege ved Haukeland universitetssjukehus, Sverre Lehmann.

– Søvnapné knytt til skam

Lehmann kjenner ikkje produktet som vert lansert, men ifølgje legen opplever ein stor del av pasientane å sova dårleg med søvnmaskina.

No planlegg Tonning ein serie med produkt som skal betra natta for pasientane. I tillegg har han som mål å få meir openheit om sjukdomen.

– Eg trur mange ser på dette med ein type form for skam. Sjukdomen er ei avgrensing ein ikkje vil at andre skal vita om.