Gigantprosjektet ferjefri E39 har som mål å halvera køyretida frå Trondheim til Kristiansand på E39 frå 20 til 10 timar.
Ny teknologi må takast i bruk for at alle fjordar på strekninga skal kunne kryssast utan ferje.
- Les også:
Ei av nytenkingane er ei røyrbru, der trafikken blir ført gjennom to røyr nedsenka i vatn. Det får utanlandske medium til å plukka opp pennen.
Nettstadane News.com.au, Wired.com og reisesida Travelandleisure.com omtalar tunnelen som ein sensasjon.
Det var Nettavisen som først omtala saka.
«Noreg planlegg å senda biltrafikken gjennom ein undervasstunnel, som ser ut til å vera tatt rett frå ein science fiction-film», skriv Travelandleisure på Twitter.
Utanlandske entreprenørar nysgjerrige
– Fjordkryssingsprosjektet er spektakulært og sexy. Det vil vera teknologisk banebrytande når, og viss, det blir bygd, seier kommunikasjonssjef i Statens vegvesen Kjell Bjørn Vinje.
Han har fått 10–15 førespurnader frå utanlandske medium som ønsker bilde og meir informasjon om prosjektet.
Men det er ikkje berre journalistar som tar kontakt. Ingeniørane som jobbar med E39 blir nedringt av utanlandske entreprenørar og konsulentar.
– Bransjen ønsker å vera med på det som skjer i Noreg. Me tar dagens teknologi og pushar den eit par hakk vidare. Det er spennande at interessa er så stor, seier Vinje.
Blir flytebru over Bjørnafjorden
Fram til nyleg var røyrbru eit aktuelt alternativ for kryssinga over Bjørnefjorden i Hordaland.
Men denne månaden blei det klart at Vegvesenet tilrår flytebru på strekninga.
– Det er ikkje fordi røyrbru er eit dårleg konsept, men det var tekniske utfordringar akkurat på denne strekninga. Løysinga er framleis aktuell andre stader, seier Signe Eikenes, prosjektleiar for Hordfast i Statens vegvesen.
Og det er ikkje til å komma utanom at prisen er ei viktig årsak til avgjerda.
– Ei røyrbru kunne fort blitt dobbelt så dyrt som det rimelegaste alternativet, seier Eikenes.
Ho trekk også fram at bru over fjorden vil gje ei større naturoppleving.
– Brua kan bli eit turmål i seg sjølv når den går over fjorden. Viss du skal ha røyrbru blir det ein samanhengande tunnel heile vegen. Då går ein glipp av den fine naturen.
Les også:
– Røyrbru kan bli aktuelt over Halsafjorden
Men bruken av røyrbru er altså framleis aktuell for andre fjordkryssingar i landet.
– Det er framleis mange stader kor Vegvesenet ikkje har kome i gong med prosjekteringa, og bruk av røyrbru vil blir endå meir aktuelt i framtida. Blant anna over Halsafjorden på Nordmøre og over Sognefjorden kan røyrbru bli brukt, seier Vinje.
Det gjenstår også arbeid med utviklinga av lengre flytebruer, og prosjekteringa av brua over Bjørnefjorden vil ta tid.
– Det kan ta opptil sju år, men me håpar me kan klare å komma ned i fem år, seier Eikenes.