Hopp til innhold

– Tøffaste eg nokon gong har vore med på

Etter sju mil blodslit, over ein isbre på 3500 moh. og totalt 5400 høgdemeter enda Lars Olaf Haaheim bland dei beste i ekstremløpet i Alpane.

Lars Olaf Haaheim

HIMMELLØP: Lars Olaf Haaheim brukte no timar og 33 minutt på fjelløpet på sju mil og ei samla stigning på 5.400 høgdemeter.

Foto: High Trail Vanoise / Pixalpes photographie

High Trail Vanoise i Val-d'Isère vart arrangert i helga, og bergensaren Lars Olaf Haaheim brukte ni timar og 33 minutt på fjelløpet på sju mil i dei franske alpane.

Det var godt nok til 9.-plass i det ekstreme «himmelløpet», der 149 deltakarar fullførte løpet.

– Det er veldig artig å kome på niande plass, men det var hardt arbeid, seier Haaheim.

Løpet er ein del av europameisterskapet i såkalla Skyrunning, og har ei samla stigning på 5.400 høgdemeter.

Til samanlikning hadde gårsdagens Tour de France-etappe totalt 4600 høgdemeter. Den vart omtalt som ein av dei hardaste nokon gong.

Måtte over ein isbre

Løpet starta midt på natta kl. 04.00 laurdag og løparane opplevde både kulde og høge temperaturar utover dagen. Ei av utfordringane var å springe over toppen av isbreen på Grande Motte på 3653 moh.

– Løypa var veldig variert, med mykje opp og ned. Det er utan tvil det tøffaste, men og vakraste løpet eg har vore med på, seier Haaheim.

– Korleis held du motivasjonen på eit så langt løp?

– For meg er det ikkje eit alternativ å stoppe eller gje seg, men det er sjølvsagt veldig tøft. Men den vakre naturen motiverer meg mykje.

High Trail Vanoise

Her er heile løypa og høgdemeter som Haaheim sprang på laurdag.

Foto: Strava

Trenar nesten 14 timar i veka

Haaheim har allereie deltatt på forskjellige ultraløp. Ultraløp er kort fortalt løp som er lenger enn eit maraton (42195 m), og interessa for slike konkurransar er i kraftig vekst.

I 2016 stilte 3451 løparar på startstreken i ulike norske ultraløp, det var 544 fleire enn fjorårets rekord med 2907 startande, ifølgje tal Kondis har henta inn.

Det ligg mykje trening bak kvart løp Haaheim er med på, og High trail Vanoise er ikkje ein stad ein møter ubudd.

– Det har blitt mykje springing på byfjella rundt Bergen, seier Haaheim.

Nesten 14 timar i veka går med til trening. Den eigentleg korte turen frå jobben i Bergen sentrum og heim til Sandviken går i staden for via Ulriken, Vidden og Rundemanen.

Lars Olaf Haaheim

I ALPENE: Løparane opplevde både kulde og høge temperaturar utover dagen.

Foto: High Trail Vanoise / Pixalpes photographie

Kjenner det i beina

På ei vanleg veke spring han same distanse som frå havet og opp på verdas høgste fjell, Mount Everest.

Sjølv om Haaheim akkurat har lagt bak seg ei helg med 5.400 høgdemeter og ei lengde på sju mil, så er han allereie ute på løpetur når NRK pratar med han måndag morgon.

– Eg kjenner det i beina i dag, men det er viktig å restituere, seier Haaheim.