Norske kirurgar lærer å handtere sjeldne skadar i Afrika

HAUKELAND (NRK): Gjennom eit samarbeidsprosjekt har Haukeland universitetssjukehus utdanna nesten alle nevrokirurgane i Etiopia. Tilbake får dei legar som er trente på svært kompliserte operasjonar.

Kirurgar i Etiopia

LÆRER AV KVARANDRE: Norske og etiopiske nevrokirurgar under ein tidlegare operasjon med bruk av eit nytt mikroskop.

Foto: Morten Lund-Johansen / Haukeland Universtitetssjukehus.

Norske kirurgar har i ei årrekkje lært opp etiopiske legestudentar gjennom eit internasjonalt samarbeid med Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

Samstundes som dei norske kirurgane lærer opp kirurgar i Etiopia, får dei sjølv ei heilt unik mengdetrening i å handtere sjeldne og ofte svært krevjande skadar og sjukdommar.

Kniv- og skotskadar

Haukeland kallar utvekslinga eit vinn-vinn prosjekt.

– Våre unge spesialistar får handtere alt frå traume til knivstikking og skotskadar. Ofte er det snakk om sjukdommar som er meir sjeldne her. Slik lærer vi, seier sjukehusdirektør Eivind Hansen.

I dag har sjukehuset mellom 10 og 15 utstasjonerte medarbeidarar fordelt på ulike land i Afrika og Asia.

Røntgen av skade i Etiopia

ALVORLEG SKADE: Dette røntgenbilde viser ein av skadane som har blitt behandla i samarbeid med dei norske kirurgane.

Foto: Morten Lund-Johansen / Haukeland Universtitetssjukehus.

9 millionar i året

Prosjektet blir finansiert gjennom midlar frå mellom anna Norsk senter for utviklingssamarbeid (Norec), Norad og dei respektive landa. Sjølv bidreg Haukeland med 9 millionar kronar årleg på å sende kirurgar til afrikanske land.

Då prosjektet starta opp i 2006, fanst det berre tre nevrokirurgar i heile Etiopia. No er talet kome opp i 31.

– Både talet på dei som blir behandla og kvaliteten på behandlinga har aukt betrakteleg, fortel nevrokirurg Tsegazeab Laeke.

Nevrokirurg Tsegazeab Laeke

SUKSESS: Nevrokirurg Tsegazeab Laeke frå Etiopia er svært nøgd med auka i talet på kirurgar i heimlandet.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

Fekk høyre historia

Fredag var utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF) i Bergen for å høyre historia om korleis Haukeland har jobba med prosjektet.

– Det er fantastisk å sjå engasjementet som Haukeland har hatt over lang tid. Det er ikkje tvil om at dette er med på å bygge kapasitet og gi kunnskapsoverføring i mange av landa som dei er involvert i, seier Ulstein.

Under besøket fekk ministeren sjå døme på korleis ein pasient overlevde ein frykteleg hovudskade, med god hjelp frå dei norske kirurgane.

Eivind Hansen og Dag Inge Ulstein

FEKK BESØK: Utviklingsminister Dag Inge Ulstein saman med direktør Eivind Hansen ved Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

Snart sjølvhjelpne

Som ein direkte følge av samarbeidet, ser ein no langt lysare på det som i mange år har vore ein kritisk mangel på kirurgar i Etiopia og andre land i Afrika.

– Vi byrjar å bli sjølvhjelpne. Opplæringa har vore ein stor suksess, seier Laeke.

Kirurgar i Etiopia

FÅR TRENING: Dei norske kirurgane får mengdetrening i sjeldne operasjonar og alvorlege skadar.

Foto: Morten Lund-Johansen / Haukeland Universitetssjukehus