Hopp til innhold

Norled vurderer å kjøpe fleire ferjer

På ein månad er tre av ferjene i Hordaland sett ut av drift. Men Norled går ikkje med på å kalle situasjonen ei «krise».

MF Fedjefjord på verft etter grunnstøting

UTE AV DRIFT: MF Fedjefjord er framleis ute av drift, etter at ho gjekk på grunn ved Sævrøy. Norled veit enno ikkje når ho kan vere klar igjen.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Det har vore ein månad prega av ulukker for ferjene i Hordaland. Tre av ferjene til Norled har hamna i ulukker som har sett dei ut av drift.

Dette går ut over fleire samband, og fylket står no heilt utan reserveferjer.

Det heile starta i slutten av oktober, då «MF Strand» vart totalskadd i ein brann på Bømlo. Ferja kjem ikkje tilbake i drift, og reiarlaget har bestemt at den blir kondemnert.

Fedje isolert i helga

Førre veke toppa det heile seg då først MF «Fedjefjord» gjekk på grunn utanfor Austrheim. MF «Utne», som var den siste reserveferja i Hordaland, blei sett inn i sambandet. Men fredag førre veke fekk òg denne ferja motorproblem, og Fedje vart utan bilferje heile helga.

Søndag kveld blei ferja sett i drift igjen.

Viseadministrerande direktør i Norled, Lars Jacob Engelsen, går likevel ikkje med at det er ei ferjekrise i Hordaland.

– Vi er sjølvsagt veldig lei oss for situasjonen som har oppstått, og arbeider så raskt vi kan for å få ferja klar igjen, seier Engelsen.

– Vil du kalle situasjonen i Hordaland no for ei ferjekrise?

– Vi tar situasjonen veldig alvorleg. Det er det eg kan seie.

– Fleire uhell før

– Sett i eit større perspektiv har vi hatt eit halvår med færre hendingar enn tidlegare, men vi har no hatt mange hendingar på kort tid, seier Engelsen.

Han legg ikkje skjul på at det har vore utfordrande med alle ulukkene den siste tida.

– Vi føler med dei reisande som har blitt råka, og er opptekne av å gjere det vi kan for å kunne gi eit godt tilbod.

Lars Jacob Engelsen

LEITAR ETTER LØYSING: Viseadministrerande direktør i Norled, Lars Jacob Engelsen, seier dei arbeidar på spreng for å finne ei løysing på den noverande ferjesituasjonen i Hordaland.

Foto: Norled

Norled arbeider no med å erstatte ferjene som er ute av drift, men Engelsen kan ikkje presisere kva alternativ dei vurderer.

– Vi arbeidar på fleire spor, men har ikkje ei løysing på plass endå. Vi kjem til å styrke flåten vår i den situasjonen vi er i, seier Engelsen.

Vurderer fleire løysingar

Norled kan ikkje svare på om det er aktuelt å setje inn gamle båtar eller kjøpe nye ferjer.

– Vi ser på heile spekteret av moglege løysingar. Mykje meir enn det kan eg ikkje seie.

Konsekvensen av ulukkene er dårlegare ferjetilbod for enkelte reisande.

MF «Utne», som no går på strekninga Fedje-Sævrøy, går eigentleg mellom Utne og Kvanndal. Dermed går det no berre ei ferje på denne strekninga, reserveferja «MF Fitjar».

«MF Strand» gjekk mellom Ranavik og Skjersholmane før brannen. Der går no reserveferja «MF Gloppen».

– Er det nokon strekningar der det er ekstra lange køar som følgje av dette?

– Ikkje som vi har registrert, seier Engelsen.