Hopp til innhold

– Det blir unntakstilstand når slike ting skjer

Ferje blei sett inn etter at nærare to tusen personar blei isolert av eit ras i Norddal torsdag morgon.

Liabygda ferjekai

Fjord 1 måtte sette inn ferje mellom Linge, Eidsdal og Liabygda etter at fylkesveg 650 blei stengt torsdag morgon på grunn av eit ras.

Foto: Gunnhild Sætre / NRK

Fem bygder på indre Sunnmøre blei isolert i eit steinras torsdag morgon. Raset skjedde på fylkesveg 650 ved Lingetunnelen mellom Valldal og Liabygda

Ras Norddal

Eit ras stengde fylkesveg 650 i Norddal torsdag morgon.

Foto: Veidekke

Frå klokka ni torsdag morgon setter Fjord1 inn ei ferje på vegstrekninga for å ta av trafikken på strekninga. Første avgang var frå Linge klokka 09.00 og ferja vil trafikkere mellom Linge, Eidsdal og Liabygda så lenge vegen er stengt.

Den stengde vegen førte til mykje trafikk på Liabygda ferjekai torsdag morgon.

– Det blir unntakstilstand når det skjer slike ting, seier Svein Refsnes bussjåfør i Nettbuss.

Han skulle etter planen ha vore i Valldal 10.50, men må rekne med forseinkingar i dag.

Mykje trafikk

Men trass i stengde vegar og mykje trafikk, var stemninga relativt god blant dei reisande på ferjekaia i Liabygda.

– Det er klart det er litt utfordringar, men langt ifrå kaos, seier ein av dei som jobbar på ferja.

Den store trafikken av reisande fører også til forseinkingar i ferjeruta, men også det tek folket på ferjekaia i Liabygda med ro.

– Er ikkje det betre å få med flest mogleg enn å halde ruta då? Slik som det er no så prøvar vi å få med flest mogleg bilar før vi går, held ferjemannen fram.

Ferjekaia i Liabygda

Opnar vegen i 12.00-tida

Statens Vegvesen reknar med at den rasstengde vegen til Norddal kommune kan opne klokka 11.30. Ein geolog har undersøkt faren for nye ras, og meiner det er trygt å opne vegen.