Hopp til innhold

No ventar dei berre på regnvêret

Laksefiskarane i Bergens einaste lakseelv håpar rekordane står for fall. – Det er observert fleire storfisk, lovar fiskarlagsformannen.

Laks i Storelva i Arna

STORFISK: Storelva i Indre Arna er det einaste lakseførande vassdraget i Bergen kommune. 1. juli starta jakta på laks som denne, som blei fanga på kamera i 2011.

Vassdraget i Indre Arna er ikkje lengre enn 4,8 kilometer, men laksebestanden er høg. Med eit smalt og kupert terreng og fleire mindre stryk, trivest fisken i det einaste lakseførande vassdraget i Bergen.

– Det er veldig mykje fisk her, spesielt for ei så lita elv. Men akkurat no er det lite vatn og fisken er veldig var. Det blir betre når det kjem litt regn, seier Peter Opitz.

Peter Opitz fisker laks i Storelva, Arna

NAPP FØRSTE DAGEN: Peter Opitz var ein av få som fekk napp i Storelva under opningsdagen 1. juli. Laksen var 4,8 kilo og full i lakselus.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

I løpet av den første dagen av fisket blei det henta ut 18,6 kilo laks. Opitz var ein av få som fekk napp laurdag – ein mellomfisk på 4,8 kilo.

– Eg såg han då eg stod på andre sida av elva. Laksen var glinsande blank, men diverre full i lus.

Ny rekord etter tonnevis med fisk

Etter fleire år med tett oppfylging, vedlikehald og utsetting av lakseyngel, er bestanden i Storelva jamt over god. Laksetrappa som opna i 2009, har forlenga vandresjansen til laksen med over tre kilometer.

I fjor blei det sett ny rekord i Storelva, med over 2,7 tonn fisk.

– Ein del år har Vosso-laksen teke feil, men i fjor var det ikkje så mange av dei. Me ventar dei same tala i år, seier Geir Espeland, formann i Arna sportsfiskarlag.

Laks i vassdraget Storelva i Arna

LAKSESTRYK: Laks på veg opp Storelva-vassdraget i Indre Arna for fire år sidan. Arna sportsfiskarlag har sete ut lakseyngel i elva sidan 1980-talet. Elva har utgangspunkt i Haukelandsvannet

Foto: Tore Wiers

– Ynskjer oss sol og varme, men ...

Etter rekordmange dagar med regn i juni, kom sola ved inngangen til juli. Det har ført til låg vassføring og lite aktivitet i vassdraget.

– Det er berre nokre dagar som skal til, så minkar elveløpet. Kjem det ein del nedbør, så tek det seg godt opp att, seier Espeland.

15. juli opnar ein for fiske også over laksetrappa.

– Det er først eit stykke ut i juli og starten på august at me truleg vil sjå den største fangsten, seier John Røkenes, styremedlem i sportsfiskarlaget.

– Nett no er det for lite fart i elva. Me ynskjer oss sol og varme me òg, men det er berre å konstatera at me har eit skiftande klima på Vestlandet. Regnet kjem nok, spår Røkenes.

Peter Opitz fisker i Storelva, Arna

LITE VATN: Vassføringa i Storelva er låg etter fleire dagar med lite nedbør. – Nett no er det for lite vatn, seier laksefiskar Peter Opitz.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Bygd opp eiga laksestamme

På tre tiåar har hobbyfiskarar på frivillig basis klart å byggja opp ei eiga laksestamme i vassdraget. Arna sportsfiskarlag har eige klekkeri og set kvart år ut over 100.000 yngel.

– Når sesongen er over «reinskar» me elva for fisk. På klekkeriet mjølkar me hannfisken og stryk av all rogn. Yngelen set me ut i sideelvar og småbekkar, for å sikra dei trygge rammer.

– Arbeidet i elva er på alle måtar ein heilårsjobb. Starten på sesongen er sjølve bonusen, seier Røkenes, som har lakserekorden i vassdraget.

I 2012 drog han i land ein laks på over 15 kilo.

– Det er observert fleire storfisk i år. Me kan i alle fall håpa på fisk opp mot 14 kilo, seier Espenes.