Hopp til innhold

Bergen slår til igjen – ny regnrekord

Søndag regna det over for rekorden frå 1952. Det har regna 26 junidøgn i strekk i Bergen

Bergen, 25. juni 2017

GRÅTT: Juni har vore alt anna enn sommarleg i Bergen. Dette bildet er tatt på Fløyen i dag.

Foto: Dovilė Šakalienė

Søndag blei det klart at bergensarane har ein ny regnrekord å jubla for.

Etter 65 år har byen mellom dei sju fjell fått oppdatert rekorden frå 1952, då det regna frå 1.- 24. juni.

– No har me 26 nedbørsdøgn på rad i juni, seier Steinar Skare ved Vervarslinga på Vestlandet.

Kan bli 27 dagar

Statsmeteorologen fortel at nedbørsdøgn blir rekna frå klokka 08.00 til 08.00, og han ser ikkje vekk ifrå at rekorden kan bli utvida med endå ein dag.

– Det blir spennande å sjå, men det ser iallfall ut til at det blir opphald igjen på tysdag. Det kan jo vera nok regn etter kvart.

Steinar Skare er ikkje spesielt overraska over den nye rekorden.

– Eg trur me alle veit kor me bur.

Men Skare sin kollega, statsmeteorolog Arnstein Tjøstheim, held fast på at rekorden er litt overraskande sjølv om den er sett i Bergen.

– Me forventar jo ikkje rekordar, så sånn sett er den overraskande.

Regnfull Nygårdspark

REGNFULL NATT: Det regna godt i Nygårdsparken i natt.

Foto: Tim Wassmo / NRK

– Ein trist månad

Tjøstheim fortel at det har vore ein litt trist månad i Bergen, med lite sol, og ikkje så mykje varme.

Arnstein Tjøstheim

INGEN FINE DAGAR; Arnstein Tjøstheim fortel om ein månad utan fine dagar.

Foto: Astrid Rommetveit

– Det har ikkje vore veldig kaldt her heller, men det har ikkje vore nokon skikkeleg fine dagar.

Statsmeteorologen presiserer at Bergen har hatt fleire junidagar med nedbør i tidlegare år, som i 1994, då det regna 29 av 30 dagar.

– Men det var ikkje på rad då. Det var ein dag med opplett midt inni der.