No startar nok ei kartlegging av kvikksølv-ubåten

I 15 år har folk på øya Fedje venta på eit svar om naziubåten som er full av kvikksølv. Fire månader etter at regjeringa hadde bestemt seg, er det no bestilt endå ein rapport.

U-864 animasjon

SIKRARE: Kystverket skal no undersøke om ny teknologi kan gjere heving meir sikkert enn ein før har trudd.

Foto: Kystverket (animasjon)

Ubåtvraket som ligg på 150 meters djup utanfor Fedje i Hordaland, har lege der i over 70 år. Det vart først funne av Sjøforsvaret i 2003.

Vraket inneheld store mengder kvikksølv, ei av verdas farlegaste miljøgifter. To år etter at vraket vart funne, åtvara Mattilsynet kvinner som amma, gravide og små barn mot å ete sjømat fanga ved vraket.

Etter 15 år med vurderingar om korleis ein skulle handtere ubåtvraket, landa regjeringa hausten 2018 på at dei skulle la det ligge på havbotnen og dekka det til.

Men no er det klart at det blir nok ein runde for å vurdere kva løysing som er sikrast for miljøet.

Skal sjekke ny teknologi

Kystverket har nettopp lyst ut konkurranse om å få jobben, etter oppdrag frå Samferdselsdepartementet.

Denne gongen vil regjeringa sjå nærare på om ny teknologi kan gi ein sikrare måte å handtere ubåtvraket på.

Tildekkinga som skulle vere ferdig i 2020 blir dermed sett på vent.

– Inntil vidare er arbeidet sett på vent. Ein skal sjå om det er kome ny teknologi som gjer at vraket kan fjernast, seier Stian Herøy, ordførar på Fedje.

Den siste offisielle tilrådinga frå Kystverket kom i 2014. Då gjekk dei inn for å dekke til ubåtvraket i staden for å heve det.

No er det nok ein gong eksterne konsulentar som blir henta inn for å sjå om dei fem år gamle råda framleis er gjeldande.

– Ein ny gjennomgang vil kunne gi svar på om teknologien har utvikla seg såpass mykje at me må endre på tilrådinga vår, seier Johan Marius Ly, beredskapsdirektør i Kystverket.

Fedje kommune

HÅP: Ny utgreiing av teknologien gir håp for innbyggarane på Fedje.

Foto: Fedje kommune

Håp om heving

Stortingsrepresentant Ove Trellevik (H) har tidlegare sagt at han er skeptisk til det faglege grunnlaget bak avgjerda om å dekke til ubåtvraket. Han er positiv til ny utgreiing, og håpar at avgjerda blir å heve ubåten.

Ove Trellevik

HEVING: Ove Trellevik (H) håpar at dei klarar å få opp mest mogleg kvikksølv.

Foto: Olaug Spissøy Kyvik / NRK

– Dette er ei miljøbombe som før eller seinare vil få store konsekvensar for samfunnet. Difor er det viktig at me sjekkar om det faktisk er mogleg å få opp meir kvikksølv enn me har klart til no, seier Trellevik.

– Dette er ei sak som har føregått lenge. Veldig mange er leie, men me ynskjer framleis å få kvikksølvet vekk, seier Stian Herøy, ordførar på Fedje.

Håpet om at betre teknologi vil gi eit anna utfall hos regjeringa enn i haust, er sterkt hos Fedje-ordføraren. Han meiner at det eigentleg har vore mogleg å fjerne båten heile vegen.

– Viss det er ei ny utgreiing som skal til for at me fjernar kvikksølvet, så er eg veldig nøgd, seier Herøy.