Hopp til innhold

Frp-topp hevdar offentleg eldreomsorg fører til kutt. Rådmannen meiner Njåstad bommar

AUSTEVOLL (NRK): Frp meiner det kostar sju millionar kroner for Austevoll å ta tilbake drifta av eldreomsorga. Administrasjonen svarar at Njåstad samanliknar eple og pærer.

Helge Andre Njåstad utenfor Austevoll pleie- og omsorgssenter

AUSTEVOLL: Helge André Njåstad var ordførar i Austevoll i ti år. Eit av hjartebarna hans var privatiseringa av eldreomsorga.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Stortingsrepresentant Helge André Njåstad (Frp), har invitert NRK til Austevoll.

Han sit framleis som kommunestyremedlem i heimkommunen, som han som ordførar i ti år bygde opp til eit utstillingsvindauge for Framstegspartiet.

Men no er det i ferd med å knusast. Frå sumaren tek kommunen tilbake drifta av eldreomsorga.

– Eg er bekymra for kva som skjer når kommunen skal ta drifta tilbake, og ikkje har midlar til å drive på same måte som før. No skal dei klare seg med færre sjukeheimsplassar og færre tilsette, seier Njåstad.

– Det blir dyrare, derfor må kommunen kutte sjukeheimsplassar og fjerne ni årsverk som rådmannen ikkje har inne i sitt budsjett, hevdar han.

Austevoll kommune

FRP-BASTION: Austevoll var lenge eit utstillingsvindauge for framstegspartipolitikk. No styrar Arbeidarpartiet og Høgre.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Budsjettet viser ingen kutt

Men i budsjettet er det ingen kutt å sjå i omsorgstenesta.

Kommunen skal legge om tenestene, der dei vil etablere nye 11 omsorgsbustadar med heildøgnspleie. Desse bustadane er billegare enn sjukeheimsplassar.

Etableringa av desse bustadane og høgare pensjonskostnadar enn i det private selskapet Stendi, som kommunen overtek drifta frå, gjer rett nok at totalkostnaden går opp.

Men på grunn av omlegginga og bruk av omsorgsbustadar, trur kommunen at dei vil spare pengar i lengda.

Kommunen meiner at omlegginga burde skjedd for lenge sidan. Dei ønskjer å la eldre klare seg så mykje så mogeleg for eigen hand, så lenge som mogeleg. Men på grunn av avtalar med private aktørar, har dei ikkje kunne gjort omlegginga før no.

Hevdar reknestykket er feil

I budsjettet skriv rådmannen at den samla auka frå 2019 til 2020 vil vere på 2,4 millionar kroner.

– Det er upresist å legge dette fram som at ei rekommunalisering blir dyr for Austevoll, seier rådmann i kommunen Bjarte Madsen.

– Det vert som å samanlikne eple og pærer. Dette er ei omstilling dei fleste kommunar har gjort, men som vi har måtte vente med på Austevoll fordi vi er bundne av kontrakten med ein privat aktør.

Han viser til at omlegginga fører til færre sjukeheimsplassar og færre tilsette på sjukeheimane, men at dei eldre og tilsette er andre stader.

Ap henta ikkje inn anbod

Og varaordførar Anja Heggholmen (Ap) reagerer på påstandane frå Framstegspartiet.

Saman med eit fleirtal av dei folkevalde bestemte ho at kommunen skal drive sin eigen eldreomsorg. Ho er trygg på at dette er den beste løysinga, sjølv om dei denne gongen droppa anbodsrunden.

– Vi veit jo ikkje kva tilbod som hadde kome frå ein privat tilbyder, men mest sannsynleg mykje høgare enn vi kjem til å betale for no, seier ho.

– Men det kan du ikkje vite. Kvifor henta de ikkje inn tilbod?

– Nei, det er sant, men eg ser ikkje noko poeng i det. Vi ønskjer å tilby våre innbyggarar det aller beste, seier ho.

Står på sitt

Helge André Njåstad står på at det er ein dårleg løysing at eldreomsorga vert rekommunalisert.

Han viser til eit reknestykke som rådmannen la fram i februar, der det stod at ein vidareføring av dagens tenester ville bli dyrare om kommunen skulle overta.

– No er kommunen nøydd til å kutte for å få budsjettet til å gå opp. Tenestene blir dårlegare for at Arbeidarpartiet skal få gjennomført sin politikk, seier han.