Hopp til innhold

Frp-Njåstad privatiserte eldreomsorga. No gjer kommunen retrett

Austevoll var den første distriktskommunen som privatiserte eldreomsorga. Høgre skrotar prosjektet.

Helge André Njåstad (FrP) (t.h.), Anne-Cecilie Kaltenborn og Iren Mellingen ser på velværerommet

FRÅ PRIVAT TIL KOMMUNAL: Dåverande Frp-ordførar Helge André Njåstad (t.h.) privatiserte eldreomsorga i Austevoll i 2013. I fjor vitja han Aleris Austevoll saman med adm.dir. Anne-Cecilie Kaltenborn i NHO Service og Handel (midten).

Foto: Jon Bolstad / NRK

Det skulle vera utstillingsvinduet for høgresidas kommunale helsepolitikk: Eit privat selskap, ikkje kommunen, skulle driva sjukeheimar og heimesjukepleien.

No blir prosjektet forkasta. Og partiet som sørger for det, er Høgre. Med eit pennestrok onsdag kveld tok dei luven av ei av dei viktigaste sakene for høgresida i lokalvalåret 2019.

– Kommunen er den som er best i stand til å drifta denne sektoren, seier ordførar Morten Storebø frå Høgre.

– Høgre har tidlegare ført høgrepolitikk. No tar dei mest omsyn til sin lokale samarbeidspartnar Arbeidarpartiet og fører heller Ap-politikk, kontrar Helge André Njåstad (Frp).

Den tidlegare ordføraren i Austevoll var hjernen bak at kommunen privatiserte eldreomsorga i 2013.

Privatiseringspioner

Austevoll var for seks år sidan den første distriktskommunen i landet som valde å la private driva heile pleie- og omsorgssektoren.

Seinast i mai i fjor sa NHO seg svært nøgd med Austevoll pleie- og omsorgssenter Aleris.

– Det er uforståeleg at kommunar går tilbake til kommunale velferdstenester når brukarane er svært nøgde med private.

Det sa administrerande direktør Anne-Cecilie Kaltenborn i NHO Service og Handel då ho vitja senteret saman med ex-ordførar Njåstad.

– Uforståeleg av Høgre

Men nokre månadar seinare gjer Austevoll nettopp det: Dei let vera å fornya avtalen med det private selskapet.

Høgre er ein sterk forsvarar av gode kommunale tenester. Dette er ikkje eit prestisjeprosjekt som har stranda. Det er ei praktisk og grundig vurdering av kva som er best for austevollingane og kommunen, seier Storebø.

Morten Storebø

DROPPAR PRIVAT ELDREOMSORG: – Aleris har ikkje heilt klart å levera på dei kvalitative måla, mellom anna sjukepleiardekning, seier ordførar Morten Storebø (H) i Austevoll.

Foto: Natalie Mariell Elholm

Han viser til at i lokalpolitikk er det ikkje uvanleg at parti tenker praktisk, heller enn ideologisk.

– Eg trur det er veldig attkjennande i lokalpolitikk at me ikkje tar så ideologiske eller dogmatiske avgjerder. Me gjer det me meiner er best for innbyggjarane med den kunnskapen me har.

Det avviser Njåstad.

– Det er uforståeleg at dei lar Ap føre politikken når dei var med på å opna for private, og når Aleris har levert svært gode tenester og spart kommunen for store summar.

Kritiserer privat kvalitet

Storebø seier det er manglar ved kontrakten med Aleris Omsorg, som denne månaden har skifta namn til Stendi.

– Særleg har me vore opptatt av at dei ikkje heilt har klart å levera på dei kvalitative måla, mellom anna sjukepleiardekning.

Helge André Njåstad

BILLIG OG BRA: – Det private selskapet har levert god kvalitet og spart kommunen for store summar, seier ex-ordførar Helge André Njåstad (Frp).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ordføraren meiner at dei som bur i Austevoll, førebels ikkje vil merka noko særleg til overgangen frå privat til kommunal eldreomsorg.

– Veldig mykje vil bli verande likt. Men me prøver med dette å rusta oss for framtida.

Usemje om ekstrakostnad

– Ved kommunal drift er det nokre ekstrakostnadar til pensjon som ein privat aktør ikkje ber. Men me har finrekna på dette, og meirkostnaden ved kommunal drift er forsvinnande liten. Særleg i høve til fordelane med at kommunen driftar dette sjølv, seier Storebø.

Rådmannen i Austevoll har rekna ut at kommunal eldreomsorg vil kosta sju millionar kroner meir årleg. Høgre meiner det rette talet er to millionar.

– Eg stolar heller på rådmannen sitt reknestykke, seier Njåstad.

Han avviser også at Aleris/Stendi har gjort ein dårlegare jobb enn kommunen med å skaffa nok sjukepleiarar.

Dagens tilsette i den private eldreomsorga får kommunen som arbeidsgjevar frå 1. juni neste år.

– Veldig mange av dei var jo også kommunetilsette før privatiseringa, seier Storebø.