Hopp til innhold

Nav: Fleire arbeidslause i 2017

Medan arbeidsløysa går ned i store deler av landet, er tala venta å auka i fleire fylke i 2017. Ingeniørar som Kari blir oppmoda å flytta – eller byta bransje.

Kari Celine Kvalvik

BRANSJEBYTE: Vedlikehaldsingeniør Kari Celine Kalvik har enno håp om å finna jobb, men ingeniøren må truleg

Foto: Øyvor Bakke / NRK

Medan arbeidsløysa går ned i femten fylke i januar, går arbeidsløysa framleis opp fleire stader.

Berre i Møre og Romsdal og Vestfold aukar arbeidsløysa meir enn i Hordaland. I dag står i overkant av 10.000 arbeidstakarar i Hordaland utan jobb.

– I Rogaland har lediggangen byrja flata litt ut, medan Hordaland heng litt etter. Her går arbeidsløysa opp også i dei andre yrkesgruppene, seier fylkesdirektør i Nav, Anne Kverneland Bogsnes.

Anne Kverneland Bogsnes

BOTNEN IKKJE NÅDD: Fylkesdirektør i Nav Hordaland Anne Kverneland Bogsnes trur arbeidsløysa i 2017 vil auka med 7 prosent.

Foto: Øyvor Bakke / NRK

Rammar breitt

I Hordaland har arbeidsløysa også ramma yrkesgrupper som ikkje er direkte knytt til oljenæringa.

Sidan januar i fjor har arbeidsløysa blant tilsette i industri og bygg og anlegg auka med tre og seks prosent. For ingeniørar og IKT-tilsette har arbeidsløysa gått opp ni prosent.

Kari Celine Kalvik byrja som vedlikehaldsingeniør i Statoil i 2010. Då var utsiktene gode.

Fire år seinare gjennomførte ho sitt siste oppdrag før ho gjekk ut i permisjon med sitt tredje born i 2014.

No er ho i permisjon med born nummer fire og står framleis utan arbeid.

– Det er tungt med uvissa ein har hengande over seg. Ein er alltid innom og ser om det er kome noko nytt å søka på.

Arbeid - illustrasjon

RINGVERKNADER: Det er framleis flest ledige innan industri, men veksten er sterkast innanfor bygg og anlegg og ingeniør- og IKT-yrke.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Sterk auke i langtidsledige

Tala viser òg at det er fleire høgt utdanna som går langtidsledige. Samanlikna med same tid i fjor er det 29 prosent fleire langtidsledige i Hordaland.

Bogsnes meiner arbeidslause må sjå utover fylkesgrensene. Fylkesdirektøren rår også til å tenka mobilitet når det gjeld bransje.

For 2017 ser ikkje betre ut. Nav trur arbeidsløysa skal opp 7 prosent i Hordaland.

– Oljenedturen er ikkje over.

Blant ingeniørar er det få jobbar og mange om beinet,

Når ho er ferdig i mammapermisjon håpar Kalvik på eit lærarvikariat. Vidareutdanning kan fort verta eitt av få val ingeniøren har.

– Eg har ikkje lyst å gå ledig i to år utan å ha noko å gå til. No vurderer eg pedagogikkutdanning for å bli lærar.