Hopp til innhold

Naboane fekk utslett og mista matlysten etter utslepp frå kommunen sitt nye anlegg

RÅDALEN (NRK): Giftig gass seiv ut frå heilt nytt avfallsanlegg i Bergen. Først etter ei veke gav kommunen beskjed til naboane.

Mads Iversen

IRRITERT: Mads Iversen er nabo til biogassanlegget i Rådalen. Naboane vurderer å melda Bergen kommune til politiet etter at fleire er vortne dårlege etter gassutslepp frå anlegget (bak gjerdet).

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det miljøvennlege biogassanlegget for Bergen opna med brask og bram i oktober fjor. 40.000 tonn slam og avløpsvatn skal årleg dannast om til biodrivstoff i kollektivtrafikken.

Men før jul gjekk det gale. Driftstekniske feil førte til periodar med ustabil drift og ukontrollerte lekkasjar av den giftige gassen hydrogensulfid.

Me fekk aldri noko varsel om utslepp. Ingenting.

Mads Iversen, nabo til biogassanlegget i Rådalen

– Lukta kloakk og rotne egg.

Anlegget sleit med trykket i tankane og fekk ikkje brent vekk overflødig gass gjennom såkalla fakling.

Problemet blei så stort at kommunen sette inn døgnkontinuerleg vakthald for å hindra større utslepp.

Den giftige gassen seiv ut i nærliggande bustadfelt og påførte naboar som pusta han inn utslett, svimmelheit og svie i nase og auge.

– Det lukta kloakk og rotne egg. I vår familie var det spesielt yngstemann på seks år som viste symptom. Han hadde dårleg matlyst og eitt tilfelle av brekking, fortel nabo til anlegget, Mads Iversen.

Biogassanlegget Rådalen

GASSLEKKASJE: I prøvedriftsperioden har det fleire gongar sive ut hydrogensulfid frå tankane.

Foto: Bergen kommune

Fleire fekk brekkingar og utslett

Sonen til Iversen var slapp og hadde dårleg matlyst i mange dagar. Det same gjaldt fleire av naboane i nabolaget.

– Tilsvarande symptom gjekk igjen, spesielt blant dei yngste borna.

Først etter ei veke fekk naboane vita om utsleppet.

Då hadde born og vaksne i nabolaget vore svimle, kvalme og utan matlyst i fleire dagar. I tillegg hadde naboar teke kontakt med helsevernetaten i kommunen.

Fagdirektør i Vann- og avløpsetaten, Magnar Sekse

Fagdirektør i vatn- og avløpsetaten Magnar Seks meiner driftsproblema no er tekne hand om. – Anlegget er stabilt.

Foto: Kristian Ervik / NRK

– Ikkje helsefarlege konsentrasjonar

Fagdirektør i vatn- og avløpsetaten Magnar Seks vedgår at anlegget har hatt fleire feil i prøvedriftsperioden.

Ifølgje han er mengda gass som har sive ut svært liten.

– Det skal store konsentrasjonar til for at det skal ha ein helsefare. Me har ikkje grunn til å tru at det har vore i nærleiken av ein slik konsentrasjon her ute, men lukta er ubehageleg.

Fagdirektøren presiserer at anlegget no er i stabil drift.

Det har vore to-tre tekniske ting som ikkje har fungert slik dei skulle. Det har ført til eit mindre utslepp

Magnar Sekse, fagdirektør for vatn- og avløp i Bergen kommune
Biogassanlegget Rådalen

HYDROGENSULFID: Naboane er kritiske til at Bergen kommune ikkje informerte om kva gass som seiv ut frå desse tankane i Rådalen.

Foto: Bergen kommune

Har plikt til å melda frå

Gassen er den same som sende seks personar til sjukehus med alvorlege skader ved Stureterminalen i Øygarden i oktober i fjor (sjå faktaboks).

Ifølgje forureiningslova pliktar ansvarleg bedrift, i dette tilfellet Bergen kommune, å opplysa naboar om unormale driftssituasjonar.

Iversen meiner innsatsen frå kommunen er under ein kvar kritikk.

– Me er kritiske til at kommunen ikkje informerte om kva gass det er snakk. Spesielt når me ser symptom på gassen hjå borna våre og veit at gassen er potensielt dødeleg viss du står nært utsleppspunktet.

Vurderer å gå til sak

No vurderer sameiestyra i Råvarden i Rådalen å saksøkja kommunen for manglande oppfølging av dei ukontrollerte lekkasjane.

– Me har lært at viss dei ikkje har kontroll på gassen, vil den koma nedover dalen kor me bur og kor det ligg ein skule med 500 born.