Hopp til innhold

Geirr har 25 ubrukte telefonstolpar på eigedommen – Telenor kan ikkje love når dei blir fjerna

VOSS (NRK): Fasttelefonen og det gamle koparnettet skal fasast ut i Noreg. Utrangerte telefonstolpar blir likevel ståande att over heile landet.

Grunneier ønsker å få gamle telefonstolper fjernet

HØGE OG DOMINERANDE: Geirr Fagnastøl ser gjerne at dei gamle telefonstolpane blir fjerna så snart som mogleg.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Der ser du ein stolpe som berre linja held på plass. Tek du vekk tråden vil stolpen velte.

Grunneigar Geirr Fagnastøl banar veg gjennom snøen, mellom nokre av dei 25 telestolpane på tomta hans.

I sommar var det slutt på summetone i fasttelefonen på Fagnastøl på Voss. Berre dei gamle telefonstolpane med leidningar står att.

Historia er den same over heile landet. Utrangerte telefonstolpar blir ståande på inn- og utmark etter kvart som Telenor fasar ut det som lenge var kjernen i telefoni- og internettilbodet.

– Det ser så stussleg ut med mosegrodde stolpar. Me må få vekk det som ikkje er i bruk.

Geirr Fagnastøl

LEI AV Å VENTE: Geirr Fagnastøl ved ein av stolpane.

Foto: Tale Hauso / NRK

Halvannan million har droppa fasttelefon

Telenor har for lengst starta utfasinga av koparnettet. Koparkabelen har sikra norske hushaldningar fasttelefoni og xDSL-breiband, men er utdatert i den digitale tidsalderen.

I 2001 hadde teleselskapet rundt 2 millionar fasttelefonikunder. I 2018 var talet kome ned i 240.000, skreiv Nettavisen i fjor.

Om arbeidet går etter Telenor sine planar, har dei varsla at tilgangen til fastnettet vil vere borte i løpet av 2019.

Men på norske eigedomar står stolpane att.

Telefonstolper som ikke blir brukt

UTDATERTE: Tal frå Telenor viser at det knapt finst fasttelefonikundar under 40 år. Men før fiberteknologien er på plass, tør ikkje Telenor fjerna alle stolpane.

Foto: Tale Hauso / NRK

Etterlyser svar frå Telenor

I ei årrekkje har Fagnastøl forsøkt å få sine fjerna. Men han får ikkje svar på når dei skal bort.

Telenor oppmodar abonnentar som har uønskte stolpar om å kontakta selskapet for å få dei fjerna. Innan rimeleg tid vil ein teknikar få delegert oppdraget.

Men Fagnastøl hevdar han ikkje får svar.

– Det forbausar meg i eit så ope samfunn som vårt at det ikkje er mogleg å nå nokon som tek ansvar. Dette er jo spesialavfall, med kreosotimpregnerte stolpar og tilhøyrande leidningar.

Mange stolpar er gamle og står i fare for å ramla ned.

– Desse stolpane har dessutan kvite band på seg. Slik eg forstår det betyr det at stolpane er i så dårleg forfatning at dei ikkje bør klatrast i.

– Forsiktige med å ta ned utstyret

Informasjonssjef Magnus Lie i Telenor Noreg seier telegiganten har planar om å ta ned og fjerna stolpar i åra som kjem.

– Det heile blir ei vurdering vi må gjere frå stad til stad. Det kan vere årsaker til vi nokre stader ynskjer å la dei stå. Her kan tekniske og beredskapsmessige ting spele inn, seier Lie, som understrekar at det er Telenor åleine som skal fjerna stolpane.

Tommy Skjervold

LOVAR Å RYDDE OPP: Tommy Skjervold er statssekretær i Samferdsledepartementet.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

I verste fall kan ein verte erstatningspliktig.

– Telenor sine stolpar er Telenor sitt ansvar.

Til insidetelecom.no sa moderniseringsdirektør Arne Q. Christensen i fjor at Telenor har vore forsiktige med å ta ned koparutstyret i område som har fått installert fiber på grunn av leveringsplikta.

I tillegg uttalte han at sjølve stolpane enkelte stader vil vere ein ressurs, til dømes ved å henga opp fiberkablar.

Departementet: – Stolpane skal vekk

Men stolpar som ikkje lenger er i bruk, skal vekk, ifølge Samferdselsdepartementet

– Dei skal fjernast innan rimeleg tid. Det heile skal skje med ein god tone mellom aktør og grunneigar, seier statssekretær Tommy Skjervold

Departementet har ikkje stilt noko krav til når dei utrangerte stolpane skal vekk.

– Men skulle det bli eit problem, vil vi sjå nærare på saka.