Hopp til innhold

Telenor: – Folk må ikkje stole på mobilnettet

Når uvêret herjar, og storm og flaum fører til straumbrot og skader, så går det berre timar for summetonen på mobilen din er vekk.

Bjørn Amundsen

SÅRBART MOBILNETT: Dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, seier nettet toler meir enn før, men at mobilen kan vere ein falsk tryggleik i krisesituasjonar.

Foto: Erik Hattrem / NRK

– Mobilnettet er ikkje eit naudnett. Det blir verken bygd eller drifta som det. Vi har batterireservar til eit par timar, og ikkje i dagevis, seier Bjørn Amundsen, som er dekningsdirektør i Telenor.

Etter flaumen sine herjingar i både Skjåk og Luster går Telenor no ut med ei åtvaring om å ikkje stole blindt på mobilen. Fleire mista straumen og blei isolerte då elver gjekk over sine breidder.

Ekstremvêr har gong på gong vist kor sårbart mobilnettet er. Under «Dagmar» sine herjingar var nettet nede i fleire dagar, og i enkelte tilfelle i mange, mange veker. Seinast i haust gjorde stormen «Knud» at fleire stadar på Sørlandet var utan både naudnett og mobilnett.

– Når straumen går, så er det eit tidsspørsmål før mobilen og fiberen sluttar å fungere. Folk kan ikkje belage sikkerheita si på mobilnettet aleine, seier Amundsen.

Av 422 kommunar vil 383 miste mobilnettet berre timar etter eit straumbrot.

– Telenor kan ikkje vere ein kraftleverandør

Telenor seier at nettet toler meir enn før, men at dei ikkje vil vere i stand til å handtere alle kriser. Då er det viktig at kommunane sikrar tryggleiken til innbyggjarane når straumen går og summetonen forsvinn frå mobilnettet.

– Telenor kan ikkje vere ein kraftleverandør i Noreg. Vi kan ikkje ha aggregat på ein kvar fjelltopp, seier Amundsen.

Fylkesberedskapssjefen i Sogn og Fjordane minner selskapet på samfunnsansvaret dei har.

– Telenor må kunne sei at nettet ikkje vil fungere til ein kvar tid, men på same tid er det klare krav til eit statleg eigd selskap som Telenor. Dei har eit tydeleg ansvar, seier fylkesberedskapssjef i Sogn og Fjordane, Haavard Stensvand.

Haavard Stensvand

TYDELEG ANSVAR: Fylkesberedskapssjef i Sogn og Fjordane, Haavard Stensvand, meiner mobilnettet har blitt betre.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

Stensvand meiner både at både Telenor og kommunane har gjort mykje for å betre beredskapen når det gjeld mobilnettet, spesielt etter «Dagmar».

– Fylkesmannen og kommunane fekk ein vekkar under Dagmar. Det er gjort ein god del sidan dette, men det gir oss ingen grunn til å slappe av viss mobilnettet forsvinn, seier han.