Informasjonsjef i Hydro Olje og Energi, Gisle Johanson, seier han fryktar deltakarane i andbodsprosessen ikkje har blitt likt behandla.
Difor lyser Hydro ut ein ny anbodsrunde.
Medarbeidar lekka informasjon
Då den aller fyrste runden med pristilbod var over, vart det klart at det hadde vore lekkasjar undervegs.
Ein medarbeidar i Hydro skal ha gitt teknisk informasjon til nokre av tilbydararne.
Lekkasjen ikkje ei overrasking
Det var Austevoll-selskapet DOF, saman med tre andre reiarlag, som kravde ei intern gransking frå Hydro av dei siste tilbodsrundane i haust.
Reiarlaga meinte rundane ikkje hadde gått føre seg slik dei skulle.
DOF avslørte
Onsdag bestemte Hydro seg for å kansellere kontrakten med Farstad shipping etter at den interne granskinga av anbodsrunden var klar.
Administrerande direktør i DOF, Mons Åse, seier han ikkje er overraska over at Hydro til slutt måtte kansellerer kontrakten.
Klar for ny anbodsrunde
No får både Austevoll-selskapet og reiarlaget Eidesvik på Bømlo ein ny sjanse til å kjempe om anbodet om å byggje og drive tre supplyskip for Hyrdo.