Hopp til innhold

Kommunen tek fylkesvåpenet tilbake - staten er lite begeistra

TYSNES (NRK): Lite skil det nye kommunevåpenet til Tysnes frå nedlagde Hordaland sitt gamle fylkesvåpen. – No tek vi våpenet vårt tilbake, seier ordføraren.

Onarheim

LIKNAR: Våpenet liknar det gamle Hordaland fylkeskommune sitt våpen. Våpenet stammer frå her på Onarheim i Tysnes.

Foto: Arne Leite

– Det høyrer i grunn heime hjå oss. Når dei ikkje vil ha det, så synest eg det er heilt rett, seier Helen Hystad.

Ho er tysnesing i Onarheim og meiner det er heilt riktig at øykommunen i Vestland fylke tek tilbake Onarheimsseglet i det nye kommunevåpenet sitt.

– Det er på tide i og med at det er her seglet kjem frå og at vi eigentleg ville ha det. Eg synest det er ei god moglegheit til å ta det, seier Ingrid Rossland, som også er tysnesing.

Ingrid Rossland

GLAD: Ingrid Rossland er éin av mange på Tysnes som er fornøgd med å få tilbake kommunevåpenet.

Foto: Eli Bjelland / NRK

700 år gamalt segl

På 1960-talet kuppa Hordaland fylkeskommune det kjende Onarheimsseglet og la det på fylkesvåpenet sitt.

Onarheimsseglet stammar frå Olavsgildet på Tysnes på 1300-talet. Før samanslåinga mellom Sogn og Fjordane og Hordaland var det fleire som ville behalda det raude våpenet, med to øksene og ei krone i gull.

Det vart eit nytt våpen, trass slakt frå fylkespolitikarane sjølve. Men då opna det seg altså ein sjanse for Tysnes kommune.

Ne kommunevåpenet til Tysnes og gamle Hordaland fylke sitt våpen

LIKNAR: Utanom fargane, er det nye våpenet til Tysnes kommune (t.h.) likt som gamle Hordaland fylkesvåpenet sitt (t.v.)

Foto: Tysnes kommune og Hordaland fylke

Har venta på moglegheita

Dei har i mange år faktisk mangla eit godkjent kommunevåpen. Årsaka er at det vore for likt Hordaland sitt gamle.

I staden for ei krone over dei kryssa øksene, brukte kommunen ein sparre over øksene.

– I 2018 fekk vi moglegheit til å godkjenne våpenet vårt på grunn av nye reglar, men då fann vi ut at våpenet til fylkeskommunen kunne bli ledig, seier ordførar Kåre Martin Kleppe.

Kommunen venta derfor med å godkjenne det gamle våpenet til fylkessamanslåinga var avklart.

Det einaste som skil Tysnes sitt nye våpen frå Hordaland sitt, er den blå bakgrunnen og sølvfargen på øksene.

Det gamle kommunevåpenet til Tysnes

GAMMALT VÅPEN: Ordførar Kåre Martin Kleppe viser fram det gamle kommunevåpenet til Tysnes (t.v.).

Foto: Eli Bjelland / NRK

Eigentleg ulovleg

Staten er ikkje heilt nøgde med det nye kommunevåpenet til Tysnes.

Kommunaldepartementet har vurdert lova og komme fram til at tidlegare fylkesvåpen kan reknast som eksisterande våpen.

Departementet tilrår derfor ikkje kommunen å bruke det nye våpenet på grunn av fare for forvekslingar.

Men minst tre kommunestyremedlemmer må be Fylkesmannen vurdere om våpenet er lovleg. Det skjer truleg ikkje på grunn av brei oppslutnad om våpenet.

– Det vart teken frå Tysnes og no tek vi det tilbake. Men det har òg vore fint at fylke ville ha eit motiv som tilhøyrer Tysnes, seier ordføraren.

Han er naturleg nok godt nøgd med gjenerobringa.

– Reint symbolsk er dette viktig. Det er òg lokalhistorie som kjem inn i kommunevåpenet vårt, så eg meiner at dette er viktig for identitetsbygginga vår.