Hopp til innhold

Dette drog Roy Martin opp frå djupet: – Rein pining og dyreplageri

Krokar var festa i seien med strips. Yrkesfiskar Roy Martin Ellingsen er sjokkert over synet av det som kom opp frå djupet.

Mishandlet fisk

STRIPS: Seien på rundt 45 centimeter hadde to krokar festa med strips i seg.

Foto: Olav Røli / NRK

Måndag denne veka var yrkesfiskar Roy Martin Ellingsen ute for å trekkja garn vest av Bømlo i Vestland.

Opp frå djupet kom det både lyr og sei, men også noko som fekk han til å sperra opp auga.

Nemleg ein sprell levande sei, med to krokar festa i seg med strips.

– Dei hadde skore ut og festa to strips i fisken. Både bak på kroppen, og i hovudet til seien. Der hadde dei så festa to dreggar. Dette var heilt klart slik at seien skulle vera levande agn, seier fiskaren.

Det var lokalavisa Bømlo-nytt som først melde om saka.

Mishandlet fisk på Bømlo

LEVANDE: Seien var levande og hadde krok i hovudet og kroppen da den vart nytta som agn.

Foto: Julianne Bråten Mossing / NRK

– Ikkje hatt det godt

Ellingsen er sjokkert over at nokon kan ha gjort noko sånt.

– Dette synest eg ikkje om i det heile. Fisken har hatt ei stor pinsle, og kan ikkje hatt det godt på noko vis, seier han.

I fisken var det også mellom 50 til 100 meter med nylon, av ein type som er lagd for å fiska med stong etter stor fisk på store havdjup.

– Her er det nokon som har visst kva dei har gjort, og noko dei har gjort før. Dette ser ein på måten krokane var festa på, meiner fiskaren.

Mistenker fisketuristar

Han såg fleire båtar ute på feltet den dagen, og har ein mistanke om at det kan ha vore fisketuristar.

– Dette er ikkje noko ein skal gjera, og det er ulovleg. I mine 37 år som fiskar har eg fått mykje rart, men aldri levande agn på denne måten, seier han.

– Dette er rein pining og dyreplageri av fisken, seier fiskaren.

Yrkesfiskar Roy Martin Ellingsen

SJOKKERT: Yrkesfiskar Roy Martin Ellingsen er sjokkert over at nokon kan plage fisk på ein sånn måte.

Foto: Olav Røli / NRK

– Forbode å bruka levande agn

Å bruka levande agn er strengt forbode, og Fiskeridirektoratet oppmodar Ellingsen til å rapportera dette.

– Dette har me ikkje fått melding om tidlegare. Levande agn er forbode å bruka etter dyrevelferdslova, seier Anette Aase, kommunikasjonsdirektør i Fiskeridirektoratet.

Anette Aase

OPPMODAR TIL RAPPORTERING: Anette Aase, kommunikasjonsdirektør i Fiskeridirektoratet, seier folk må rapportere dyreplageri av fisk.

Foto: Christian Lura / NRK

Dei oppmodar å rapportera slik at det kan verta fanga opp av Mattilsynet, som følgjer opp dyrevelferdslova.

– Er det fleire tilfelle, så kan dei følgja opp, seier ho.

Fiskaren frå Bømlo er i tvil om det er noko hjelp i å rapportera.

– Nei, eg har ikkje rapportert dette. Anna enn å gjeve beskjed til Bømlo-nytt som har lagd sak. Eg veit ikkje heilt korleis dette skal hjelpa, seier Ellingsen.