MDG-byråd vil stansa fjerning av gummi på leikeplassar

NORDNES (NRK): Bystyret i Bergen bestemte å fjerna det oljebaserte underlaget på alle leikeplassar. No vil miljøbyråden frå MDG gjera om på vedtaket.

Gummiunderlag

SYNTETISK: Gummiunderlaget er ei kjelde til mikropartiklar, som vert omtala som mikroplast.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

– Det er svært overraskande og uforståeleg. Eg tolkar det som ein manglande vilje til å handla.

Bystyrerepresentant Diane Berbain frå SV reagerer på det ferske vedtaket til byrådet i Bergen.

Gummiunderlag er mykje brukt på leikeplassar i Bergen. Dei er slitesterke, støytdempande og passar godt for folk i rullestol.

I september vedtok bystyret i Bergen å ikkje kjøpa inn fleire underlag av plast til skular, barnehagar og leikeplassar. Dei skulle også laga ein plan for å fjerna eksisterande dekke.

Vedtaket blei gjort for å vere føre var, ta omsyn til miljøkonsekvensane og helserisikoen ved bruk av underlaga.

No vil den ferske miljøbyråden frå MDG gjera om vedtaket frå tidlegare i haust.

Diane Berbain på Klosterhaugen leikeplass på Nordnes

VIL FJERNE: Det er matter som desse Diane Berbain (SV) vil ha vekk så fort som mogeleg.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Skulle ta ansvar

Byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) og miljøbyråd Thor Haakon Bakke (MDG) skriv i det ferske forslaget at det trengst meir tid til utgreiing.

Bakke seier at bystyrevedtaket vart fatta utan at ein hadde eit godt nok kunnskapsgrunnlag.

I saka skriv byrådet at det er krav til støytdempande underlag rundt apparat og utstyr dersom fallhøgda er meir enn 60 centimeter. Det er også krav til universell utforming, slik at til dømes rullestolbrukarar kjem seg fram.

– Det er ingen gode alternativ som er slitesterkt og som sikrar universell utforming og sikkerheit.

Byråd Thor Haakon Bakke

FINN INGEN ALTERNATIV: Miljøbyråd Thor Haakon Bakke seier at dei arbeidar så fort dei kan for å finna gode alternativ til gummiunderlag.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Laga av olje

Underlaga er laga av syntetisk gummi. Det er ikkje det same som plast, men begge deler er laga av olje, ifølgje byrådet. Begge er kjelder til mikroplast.

Førre veke åtvara Naturvernforbundet om plastdekke på leikeplassar. Dei fryktar at born kan få i seg giftstoff frå underlaga.

– Me veit for lite om skadeverknadane, derfor er det urovekkande om føre var-prinsippet vert lagt til side i Bergen, skriv Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet, til NRK.

Tidlegare har Berbain reagert på bruken av gummibork, laga av oppmalte bildekk, på leikeplassar.

Berbain fortel at bystyret var einige om å skjerma born for miljøgifter og å redusera utslepp av mikroplast. Ho seier at born har leika utan gummiunderlag i mange år før dette vart vanleg.

– Klima og miljø er under eit stort press. Me har ikkje eit sekund å mista og må handla no.

Diane Berbain (SV)

Diane Berbain er bystyrerepresentant for SV i Bergen.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Vurderer kork

Miljøbyråden fortel at bymiljøetaten ser på kork som eit potensielt alternativ, og at dei arbeidar så fort dei kan for å finna gode alternativ.

– Me set press på marknaden for at dei skal tilby alternativ som er gode, også for miljøet, seier Bakke.

Bergen kommune har fjerna gummiunderlag frå innkjøpssystemet sitt og sett prosjekt som er under arbeid på vent inntil det kjem betre løysingar.

Gummiunderlag på Klosterhaugen leikeplass på Nordnes i Bergen

GUMMIUNDERLAG: Heildekkande gummiunderlag er mykje brukt på leikeplassar i Bergen. Her frå Klosterhaugen på Nordnes i Bergen.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK