Hopp til innhold

Reagerer på at bannlyst gummibark blir lempa inn på nye leikeplassar

BERGEN (NRK): Samtidig som norske kommunar har slutta med å bruka oppmalte bildekk på fotballbanene, får fleire leikeplassar no dekke av det same materialet.

Bystyrepolitikarar i Bergen reagerer på at fliser av oppmalte bildekk vert brukt som dekke

REAGERER: Bystyrepolitikarar i Bergen reagerer på at fliser av oppmalte bildekk vert brukt som dekke på leikeplassar i byen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Ein fargerik koalisjon ruslar rundt på ein nyoppussa leikeplass på Landås i Bergen.

Bystyrepolitikarane frå Miljøpartiet dei Grøne, Høgre og SV har vanskeleg for å forstå at det som ligg under føtene deira er greitt å legga her, medan kommunen har innført forbod for det same andre stader.

– Det ser ut som naturbark, men det er det ikkje, konstaterer Diane Berbain (SV).

Bitane ho held i handa er såkalla «gummibark». Det er eit produkt laga av oppmalte bildekk – altså det same materialet som politikarane har bannlyst frå bruk på nye kunstgrasbaner i kommunen.

–Vi slutta å kjøpa dette til kunstgrasbanene. Så byrjar kommunen å kjøpa det inn til leikeplassane. Då er noko gale, meiner Sondre Båtstrand (MDG).

Sondre Båtstrand, Jana Midelfart Hoff og Diane Berbain

KOALISJON: Sondre Båtstrand (MDG), Jana Midelfart Hoff (H) og Diane Berbain (SV) med ei handfull med gummibark i handa.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Krev slutt

Tidlegare er det anslått at gummigranulat frå kunstgrasbanar er den nest største kjelda til mikroplastforureining i Noreg.

Også Jana Midelfart Hoff (H) reagerer på at fliser av oppmalte bildekk no vert brukt som dekke på leikeplassar i Bergen.

Saman med Berbain (SV) og Båtstrand (MDG) krev ho no at bruken av slik gummiflis vert kartlagd, og at kommunen sluttar å bruke materialet på nye leikeplassar.

– Mikroplast er eit stadig aukande problem i samfunnet. Vi veit ikkje kva som skjer med menneske og dyr som blir eksponert for mikroplast over lengre tid.

Oppmalte gummidekk på leikeplass i Bergen

SAME MATERIALET: Gummibark er eit produkt laga av oppmalte bildekk – det same materialet som politikarane har bannlyst frå bruk på nye kunstgrasbaner.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Lovar å finna alternativ

Likevel er såkalla gummibark blitt vanleg å bruka på norske leikeplassar. På kunstgrasbanene blir gummigranulat lagt for å gjera banene mjuke å spela fotball på.

Det er det same formålet på leikeplassane. Materialet dempar fall, skal vera reinsleg og er billeg å legga.

I Bergen lovar finansbyråd Dag Inge Ulstein (KrF) å leita etter alternativ.

– Det viktigaste er at vi klarar å skifta ut dekka før det blir slitasje. I tillegg må vi jobba parallelt med å finna andre typar underlag.

Må ta vare på tryggleiken

På grasplenen rundt leikeplassen NRK vitjar på Landås i Bergen, ligg det store mengder gummibitar som har losna frå dekket.

Ulstein seier dei vil gjera det dei kan for å skifte ut materialet før det blir slite og hamnar i naturen.

– Men vi må vareta barna sin tryggleik på desse plassane. Difor kan vi ikkje ta det vekk før vi har eit anna alternativ, seier Ulstein.

– Snakkar ulike sektorar i kommunen lite i lag sidan ein held fram å bruka eit produkt som ein har valt å fasa ut på eit anna område?

– Eg håpar det blir mindre av produktet, og det skal vi vera med å leggja til rette for i innkjøpa våre, svarar Ulstein.

Dag Inge Ulstein

LOVAR SKJERPINGS: Finansbyråd i Bergen, Dag Inge Ulstein (KrF) seier kommunen no vil leita etter andre alternativ enn gummibark.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK