Over 400 tunnelar vil bli ståande utan naudnett

Over 400 tunnelar på Vestlandet vil stå utan fast naudsamband når det nye naudnettet blir sett i drift neste år. – Det er skandale, meiner brannsjef som har ansvaret for fleire av desse tunnelane.

Brann Gudvangatunnelen

BRANN: Det brann kraftig i Gudvangatunnelen i går då ein trailer tok til å brenna. 80 personar måtte evakuerast frå tunnelen.

Foto: Stine Larsen Ramsøy

Ein trailer tok i går til å brenna inne i Gudvangatunnelen på E16. 80 personar måtte evakuerast i brannen, og under dette arbeidet fungerte ikkje naudsambandet i Gudvangatunnelen.

Brannvesenet måtte bruka mobiltelefonar og walkietalkie under redningsarbeidet, og mangelen på naudsamband gjorde redningsarbeidet vanskelegare.

Tunnelane på Vestlandet har i dag analogt naudnett, og i løpet av 2014 skal det nye digitale naudnettet settast i drift i dei tre vestlandsfylka Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Gudvangatunnelen er ein av tunnelane som vil få fast naudnett, men over 400 tunnelar vil etter denne innføringa bli ståande utan naudnett.

Fleire lokale brannsjefar er kritiske til at halvparten av dei lengste tunnelane på europavegnettet vil stå utan fast naudsamband.

– Eg synest det på vegner av staten Noreg er ei skandale, seier brannsjef Sigvald Kvinge i Gulen og Masfjorden om dekninga til det nye naudnettet.

Bekymra for «særskilde brannobjekt»

Kvinge har ansvaret for fleire av tunnelane som vil bli ståande utan naudnett etter etableringa av det nye naudnettet.

– Spesielt er eg bekymra for dei tunnelane me kallar særskilde brannobjekt, dei som er over 500 meter lange, seier brannsjefen i Gulen og Masfjorden.

Om lag 30 tunnelar som i dag ikkje har samband vil bli ein del av naudnettet, og totalt 98 av over 500 tunnelar på Vestlandet vil bli ein del av det nye naudnettet.

Berre på dei tre europavegstrekningane i dei tre vestlandsfylka vil 29 av 55 tunnelar på over 500 meter stå utan fast naudnett. Alle desse tunnelane blir rekna som særskilde brannobjekt.

– Vår innsats er faktisk utelukka i gitte situasjonar, seier brannsjef Sigvald Kvinge.

72 personar blei i går frakta til sjukehus etter brannen i Gudvangatunnelen på E16. Brannsjef i Aurland Arvid Gilje meiner det fort kunne gått mykje verre.

– Der er flaks. Heldigvis så enda det veldig godt, seier Arvid Gilje.

LES OGSÅ: Får ikkje kontakt med kvarandre om det skjer ei ulukke her | Norske tunneler slaktes

– Grundige vurderingar bak

– Det ligg veldig grundige vurderingar bak kor sendarane skal settast opp, seier statssekretær Pål Martin Sand i Justis- og beredskapsdepartementet (Ap).

Øvelse i Jernfjelltunnelen

BEKYMRA: Brannsjefen i Gulen og Masfjorden er særleg bekymra over at Jernfjelltunnelen på E39, som han har ansvar for, ikkje vil bli utstyrt med det nye naudnettet. Biletet er frå ei øving i Jernfjelltunnelen på E39 i september 2012.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Sand meiner tryggleiken i tunnelane vil bli betre når det nye naudnettet kjem på plass, også i dei tunnelane som ikkje får fast naudnett.

– I tillegg så gir dette naudnettet moglegheit til mobile sendarar som ein kan setta utanfor tunnelopningar, seier Pål Martin Sand.

Brannsjef Sigvald Kvinge i Gulen og Masfjorden ser annleis på det. Han har mellom anna stilt krav om at den 2,4 kilometer bratte Jernfjelltunnelen på E39 må utstyrast med naudnett, utan å bli høyrd.

– Det er ein skandale at ein ikkje gjer det fullt og heilt, og at ein gjer det stykkevis og delt, seier Kvinge.

Hareide vil ha ny gjennomgang

Knut Arild Hareide, leiar av Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, meiner fleire tunnelar på Vestlandet treng naudnett.

KrF-leiaren reagerer på at halvparten av dei lengste europavegtunnelane på Vestlandet vil stå utan det nye naudnettet.

knut arild hareide

REAGERER: Knut Arild Hareide (KrF) meiner fleire tunnelar på Vestlandet treng naudnett.

Foto: Øijord, Thomas Winje / NTB scanpix

– Det viser at det er behov for å få naudnettet på plass hurtig, men det viser også at dei må ta ei vurdering på kva tunnelar som skal ha naudnett og kva tunnelar som ikkje skal ha det, seier Knut Arild Hareide.

– Men du vil ikkje lova fleire tunnelar med naudnett?

– Jo, eg trur det er behov for ein gjennomgang der me får fleire tunnelar med naudnett. Det vil ikkje vera i alle tunnelar, men det er behov for ein ny gjennomgang der me vurderer tunnel for tunnel, seier Hareide.