Hopp til innhold

Får ikkje kontakt med kvarandre om det skjer ei ulukke her

214 av 498 riksvegstunnelar oppfyller ikkje krava for å få naudnettsamband. Skjer det ei ulukke i ei av dei, risikerer naudetatane å ikkje få kontakt med kvarandre.

Katastrofeøving i Jernfjelltunnelen

UTAN DEKNING: To tredjedelar av tunnelane som ikkje får naudnett ligg på Vestlandet. Biletet er frå ei øving i Jernfjelltunnelen på E39 i september 2012.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Eg tykkjer det er tragisk og katastrofalt, sukkar ein bekymra brannsjef i Gulen og Masfjorden, Sigvald Kvinge.

Nationen skriv i dag at 214 av 498 riksvegtunnelar ikkje fyller naudnettkrava til Direktoratet for naudkommunikasjon (DNK) og vil ikkje få det nye naudnettet installert.

Kravet frå DNK seier at tunnelar må vera lengre enn 500 meter og ha minimum 5000 køyretøy per døgn for å installert det nye naudnettet. Seinare er det siste kravet seinka til 4000 køyretøy per døgn.

Det kravet går verst utover tunnelar på Vestlandet, der to tredjedelar av dei tunnelane som ikkje får naudnett ligg.

Øvde på katastrofe

– Samband er ufatteleg viktig for å samordna innsatsar og for å gjera riktige avgjerder undervegs når ulukka er ute, seier Sigvald Kvinge til NRK.no.

I haust var han med på ei katastrofeøving i den 2390 meter bratte Jernfjelltunnelen som ligg på E39, på grensa mellom Hordaland og Sogn og Fjordane.

Ulukkesscenarioet var ein buss med 31 ungdommar som hadde kollidert med ein bil.

(Saka held fram under videoen)

26. september 2012 blei det halde ei stor katastrofeøving i Jernfjelltunnelen på E39, like sør for fylkesgrensa mellom Sogn og Fjordane og Hordaland.

Tunnelen er spesiell fordi den kryssar fylkesgrensa, og dermed også vert delt mellom to helseføretak; Helse Bergen og Helse Vest.

Tryggleiken i tunnelen har tidlegare vorte slakta i ei internasjonal undersøking.

Den har ein trafikk på «berre» 1820 køyretøy per døgn, og får ikkje nyta godt av det nye digitale naudnett.

– Liv ville gått tapt

– Det vart svært problematisk med samhandling når vi skulle gjera redning frå begge endar av tunnelen, seier Kvinge.

Han fortel at då politi, brannvesen og ambulansepersonell ikkje kunne kommunisera med kvarandre under øvinga, vart det i praksis to separate redningsaksjonar.

– Hadde dette vore ei reell ulukke ville menneskeliv gått tapt, slår brannsjefen fast.

Han reagerer på at tunnelen er ein av dei 214 som ikkje oppfyller naudnettkrava til DNK.

– Utan naudnett kan vi ikkje ha dialog med kvarandre slik vi har ute i det fri. Vi kan ikkje konsultera vakthavande lege på AMK sentral, og vi kan ikkje gi tilbakemeldingar til helseføretaka om skadesituasjonen.

– Det er uhøyrt, og krava bør bli endra på, meiner Kvinge.

– Slik skal det ikkje vera

Det er fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) i Hordaland samd i.

– Dette er alvorleg. Her snakkar me om tunnelar opp mot sju kilometer lengde som ikkje skal ha naudnett.

Han reagerer sterkt på kravet til DNK og meiner det vert lagt for mykje vekt på at det skal vera ei viss mengd trafikk i tunnelen for at den skal få naudnett.

– Ein har ikkje tenkt på risikoen i lange, smale tunnelar som ligg langt frå moglegheiter for anna kommunikasjon. Dette betyr at det vert utrygt for folk å ferdast på Vestlandet, og slik skal det ikkje vera.

Tom-Christer Nilsen

REAGERER: Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen.

Foto: NRK

Han syner til Haukeli (5,6 km) og Røldalstunnelen (4,6 km) som lange tunnelar som bør ha naudnett.

– Men Jernfjelltunnelen er eit ekstremt eksempel. Det er fullstendig uakseptabelt at ein slik bratt, svingete og smal tunnel ikkje ligg inne på lista.

Krev endring

Nilsen seier det er allereie bestemt at naudnett i tunnelar vert eit tema på neste fylkesutvalsmøte.

– Og vi vil ta kontakt med alle relevante myndigheiter å krevje ei endring i krava.

Det er DNK som sit med fagansvaret for naudnettet, medan Statens vegvesen utfører utbygginga.

Til Nationen seier direktør i DNK Tor Helge Lyngstøl at han forstår at folk vil ha naudnett i fleire tunnelar enn det er lagt opp til.

– Det er mogleg å bygga dekning i fleire tunnelar enn det vi gjer, men ikkje innanfor dei økonomiske rammene vi har. Om det skal dekkast fleire tunnelar enn det som er innanfor kravet, så er det ei politisk avgjerd.