Hopp til innhold

Lovar Oslo–Bergen på fire timar innan 2025

MDG meiner Bergensbanen på maks fire timar er fullt mogleg innan 2025. Dei som planlegg jernbaneutbyggingane er ikkje like optimistiske.

Bergensbanen

TOGSATSING: Fleire prosjekt på Bergensbanen pressar reisetida ned. Miljøpartiet Dei Grøne vil ha fortgang i sakene.

Foto: Rolf M. Sørensen / NSB

– Aller helst hadde vi sett at det skulle skjedd raskare enn 2025, seier Arild Hermstad. Han toppar stortingslista til Miljøpartiet Dei Grøne i Hordaland.

Han og resten av partiet har ein draum. Oslo-Bergen på fire timar, på skinner, innan 2025.

– Det håpar eg verkeleg me får til. Om det blir 2026, så blir vi ikkje veldig lei oss. Men vi må få opp farten på planane og gjennomføringa, seier ein offensiv Hermstad.

Arild Hermstad, leder i Framtiden i våre hender

FART: Stortingskandidat Arild Hermstad i Miljøpartiet Dei Grøne meiner det er fullt mogleg å reisa mellom Bergen og Oslo på fire timar i 2025.

Foto: Øijord, Thomas Winje / NTB scanpix

Urealistisk

Lovnaden om fire timar reisetid for bergensbanen er prenta inn i det ferske partiprogrammet til MDG. Men det står att ein god del jernbanebygging om dette skal bli innfridd til 2025.

I dag brukar Bergensbanen seks og ein halv time på det raskaste. Ringeriksbanen, som er under planlegging, vil kutta ein time. Nye Vossebanen vil ta vekk ytterlegare 45 minutt. Men det vil enno ta nokre år før første spade er sett i jorda på desse prosjekta.

Kommunikasjonssjef Svein Horrisland i Jernbanedirektoratet meiner lovnaden til Dei Grøne er heilt urealistisk.

– Dette høyrest jo veldig optimistisk ut. Da må det skje veldig mykje som ikkje er planlagd på førehand.

Brukar åtte år på åtte kilometer

På det raskaste kan Ringeriksbanen stå ferdig i 2024. På Vossebanen er håpet å byrje på strekninga Arna-Stanghelle i 2021. Når resten av strekninga til Voss eventuelt blir realisert, ligg langt fram i tid. Kostnadane er i klassen «fleire titals milliardar kroner».

Den nye tunnelen som no er under bygging gjennom Ulriken, er eit godt døme på at det tek tid å bygga jernbane i Norge. Først i 2022, åtte år etter byggestart, vil dobbeltsporet på åtte kilometer vera ferdig.

– Det de lovar i partiprogrammet, er det i det heile tatt realistisk å få til?

– Definitivt. Det går an å forsere planane på Vossebanen. Og moglegheitsstudien som syner nye tunnelar utanom Myrdal på Hardangervidda, er også innanfor rekkevidde om vi løyver nok pengar og startar planlegginga så raskt som mogleg.

– Langt fram i tid

Jernbanedirektoratet er i full planleggingsmodus både på Ringeriksbanen og mellom Bergen og Voss. Det skal også byggast nye bilvegar på desse strekningane, og arbeidet er komplisert.

Når ein eventuelt ser firetalet på togtabellen er usikkert, ifølge Horrisland i Jernbanedirektoratet.

– Mykje kjem til å avhenga av politiske prioriteringar framover. No skal Stortinget behandla Nasjonal transportplan med perspektiv for dei neste tolv år. Både Ringeriksbanen og Arna-Stanghelle er nemnt, men ikkje andre prosjekt på Bergensbanen, presiserer Horrisland i Jernbanedirektoratet.

– Vi er avhengige av å få med oss dei andre partia. Men no ser vi ei betring i togsatsinga og då er det lettare å få fart på det.