Både Åsane og Nest-Sotra ligg i botn av tabellen i 1. divisjon, og det var to poengsvoltne motstandarar som stilte til kamp på Myrdal gras søndag.
Åsane har trekt det lengste strået ved årets tidlegare møte mellom dei to laga, men i kveld var det Nest-Sotra som skulle ta leiinga.
Nest-Sotra fekk plassert kampens einaste mål mot Åsane i 61. minutt. Mads Nielsen heada ballen til Steffen Lie Skålevik som sikra 0–1 til Nest-Sotra.
Vanskeleg val for Skålevik
Etter å ha scora sitt tiande mål for sesongen, var det ein letta Skålevik som kom ut av garderoben etter kampen.
– No er det berre så herleg. Det var ein så viktig kamp og no har eg ein heilt ubeskriveleg herleg følelse, seier Skålevik.
Fleire lag har kasta lange blikk etter spissen, men sjølv veit han enno ikkje om han blir i klubben eller går vidare.
– Eg veit ikkje noko meir enn det andre veit. Eg har ikkje lyst til å forlate Nest i denne situasjonen me er i no, men samtidig så har eg lyst til å komme meg vidare i fotballen. Om det kjem ein klubb med ambisjonar, så må jo Nest sleppe meg, men det er vanskeleg å seie. Eg prøver å ikkje tenke på det før eg veit noko konkret, seier Skålevik.
Slik var kampen
Det vart ein 1. omgang med eit par nære sjansar for både Åsane og Nest-Sotra, men utan resultat å syne til.
Nærmast kom Nest-Sotra spelar Steffen Lie Skålevik i 16. minutt, då han etter pasning frå Petter Martinsen sende ballet mot nettet. Men Åsane keeper Eirik Østgaard stod klar og fekk avverja.
Geir André Herrem heada ballen i mål for Åsane i 32. minutt, men scoringa blei annullert etter offside.
Raudt kort til Åsane
I fyrste omgang pådrog Åsane-spelar Senai Hagos seg eit gult kort i 23 minutt, etter å ha sparka bort ballen ved Nest-Sotra sitt cornerflagg. I andre omgang kom det andre gule kortet, med etterfølgande raudt til Hagos.
Åsane sette opp tempoet i 2. omgang, og pressa på eit par sjansar, men det blei ingen snuoperasjon for heimelaget. Etter fem minutt overtid enda kampen 0–1 til Nest-Sotra.