Hopp til innhold

– At alle tippa oss sist gjev oss lyst til å slå tilbake

Åsane leier fyrstedivisjon etter seieren mot Nest-Sotra. – Dette gjev oss sjølvtillit, seier trenar Kjetil Knutsen.

Åsane leier fyrstedivisjon etter seieren mot Nest-Sotra. – Dette gjev oss sjølvtillit, seier trenar Kjetil Knutsen.

2-3: Åsane kunne juble etter at dei slo Nest-Sotra på Ågotnes i kveld. Foto: Astrid M. Nordhaug/Digitalsport.no

– Det var ein vanvittig herleg kamp, rett og slett. Me gjekk jo ut og skulle gje dei litt juling, seier Åsane-spelar Damian Sanchez Olsen.

– Me har synt at me har kvalitet. At alle tippa oss sist inn sist på tabellen, gjer jo at me har lyst til å slå litt tilbake, seier han.

Etter sigeren mot Nest-Sotra på Ågotnes i kveld, leier Åsane 1. divisjon. Det er Åsane-trenar Kjetil Knutsen svært fornøgd med.

– Då 2-3 målet kom, blei det kaotiske og stressande. Eg tykkjer ikkje me handterte den perioden godt, men å vinne på Ågotnes er me veldig fornøgde med, seier Åsane-trenar Kjetil Knutsen.

– Dette gjev oss sjølvtillit

Knutsen ikkje spekulere for mykje i framtida for klubben.

– For oss som har mange spelarar som ikkje har vore på dette nivået, er rentene me får sjølvtillit. Det er ein lang sesong og me gler oss over dei seierane me får, seier Knutsen.

Åsane sine tre mål blei sett inn av Joachim Soltvedt, Martin Ueland og Niklas Lerpold.

– Det kjenneteikna oss i fjor også, me har mange ulike målscorarar. Det har å gjere med måten me angrip på. Det er hyggeleg at fleire melder seg på, men det viktigaste er at me vinner, smiler Knutsen.

– Åsane kom for lett til måla

Nest-Sotra-trenar Michael Schjønberg er skuffa etter tapet mot Åsane.

– Me produserte mange sjansar. Åsane kom altfor lett til skoringane i dag. Dei kom ut som me hadde rekna med med overskot. Men sesongen er veldig lang, så me får sjå korleis det ser ut på slutten.

Åsane-keeper Martin Sanchez Olsen, som tidlegare har spelt for Nest-Sotra, var ein av dei som kunne juble både under kampen på Ågotnes i kveld.

– Det var jo litt spesielt å spele mot dei sjølvsagt, eg har trent med dei, spelt kampar med dei og vore med dei i fleire år. Men det som betyr noko er den klubben ein spelarar for der og då. Så får ein heller vere venner etterpå, seier Sanchez-Olsen.