Hopp til innhold

Leif Sande spår opprør om Giske må ut av Ap-leiinga

– Han kan umogleg vera den verste i Ap. Viss historiene vi har høyrd, er rette, har partiet eit formidabelt problem, seier Ap-toppen.

Leif Sande (AP)

STØTTAR GISKE: Leif Sande meiner prosessen mot Trond Giske er ein kampanje for å få venstresidas mann ut av partileiinga.

Foto: Lars Svenkerud

– Giske ryk ikkje ut.

Leif Sande, den tidlegare leiaren i Industri Energi, no vararepresentant til Stortinget for Ap i Hordaland, er sikker på at Trond Giske vil halda fram som nestleiar.

Og viss ikkje, trur han det blir internt opprør. Sentralstyret er innkalla til ekstraordinært møte 2. januar.

– Kampanje

– Det er ikkje tvil om at mange køyrer dette som ein kampanje med eitt mål: Å bli kvitt Trond Giske. Det trur eg mange ser, seier Sande.

Trond Giske i Arendal

UNDER PRESS: Trond Giske har fått skuldingar om seksuell trakassering retta mot seg.

Foto: Hans Cosson-Eide / NRK

Ap er blitt for Oslo- og akademikar-dominert, meiner fagrørslas mann. For få vanlege arbeidarar kjenner at partiet er det rette for dei. Sande meiner at å pressa ut Giske vil gjera skeivfordelinga endå verre.

– Giske er den einaste i leiinga som har «Ap i kroppen». Han har vakse opp i partiet og vore på ballen i mange kampar. Eg kjem aldri til å akseptera at han skal vera syndebukken for all ukulturen som måtte vera i partiet, seier Sande.

Ny Valla-historie

Han trekk parallellen til Valla-konflikten, då Gerd-Liv Valla gjekk av som LO-leiar etter skuldingar om trakassering.

– Valla trekte seg til slutt fordi ho orka ikkje lenger stå i stormen, og fordi ho såg at bråket ville svekka fagrørsla om det fekk halda fram. Ein slik prosess er ikkje verdig, meiner Sande.

Han meiner at det han kallar «tafsekulturen» i Ap går langt tilbake i tid og ikkje kan hengast på Giske aleine.

– Om han har gjort noko som har vore over streken, må vi handtera det. Men viss det er riktig slik nokre har fortalt, at mange kvinner har vore utsett for seksuell trakassering, har vi eit formidabelt problem uavhengig av kva Giske har gjort. Det er trass alt ingen som har gått så sterkt ut og beklaga oppførselen sin som Giske. Han kan umogleg vera den verste, seier Sande.

Vurderer framleis politimelding

Det er gått eit døgn sidan det blei kjend at Sande vurderte å melde Ap-rådgjevar Anne Odden for å ha delt eit bilete av han med påteikna blink på brystet, og med teksten «Fin blink for en Magnum 44 på neste stortings-SFO».

Odden har beklaga hendinga og har sagt det var meint som ein intern spøk. Sande seier han framleis vurderer å melda henne til politiet.

– Eg har fått mykje respons, både direkte og på Facebook og andre sosiale media. Folk synest det er tullete at rådgjevarar på Stortinget skal mala blinkar på stortingsrepresentantar og oppfordra til å skyta dei.

NRK har spurd Ap-leiinga om ein kommentar til Sande sine utspel, men har førebels ikkje fått svar.