NRK Meny
Normal

Meiner kommunen tener pengar på dyre feriar for utviklingshemma

Leiaren i helse- og omsorgskomiteen reagerer på at bebuarar må betala lønna til både tilsette som er med på ferie, og til vikarar i bufellesskap. Kommunen avviser kritikken.

Marianne Larsen og ergoterapeut Tone Svendsen

FÅR IKKJE SYDENTUR: – Det er synd. Me ser heilt tydeleg at Marianne slappar veldig godt av når ho er i varmare strøk, seier ergoterapeut Tone Svendsen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Fredag skreiv NRK om Marianne Larsen og andre bebuarar i Skjoldveien bufellesskap som ikkje lenger har råd til å reisa på sydentur.

I fjor skjerpa Bergen kommune bemmaningskrava på dei private turane, og auka prisane med 30.000-40.000 kroner. Prisauken grunngav dei blant anna med arbeidsmiljølova.

Talet på utviklingshemma som reiser på privat ferie med personale frå bufellesskap i Bergen er no halvert sidan 2015, og fleire meiner tala viser at feriane er blitt for dyre.

– Kommunen tener pengar

– Det blir heilt feil at Bergen kommune krev at utviklingshemma på ferie må betala lønna til både tilsette på ferien og vikarar i bufellesskapet, seier Kari Kjønaas Kjos (Frp).

– Det betyr jo at kommunen sparer pengar på at bebuarar reiser på ferie, og samtidig gjer kommunen at desse ikkje får råd.

Kari Kjønaas Kjos

REAGERER: Leiaren i helse- og omsorgskomiteen reagerer på praksisen til Bergen kommune.

Foto: NRK

I tillegg til at bemanninga skal ha vore for dårleg tidlegare, meiner kommunen at praksisen var for ulik mellom dei forskjellige bufellesskapa. Men Kjos synest ikkje at dagens ordning verkar rettferdig i det heile tatt.

– Her blir eigendelen så høg at det er veldig stor forskjellsbehandling med tanke på kven som har råd til å reisa og ikkje. Det er framleis mange som blir haldt utanfor.

Kjos meiner at Bergen kommune i det minste er nøydd til å få på plass eit regelverk som gjer at dei ikkje tener pengar på at bebuarar drar på ferie.

Tar omsyn

Byråd for helse- og omsorg, Vigdis Anita Gåskjenn (KrF), svarer at det aldri er snakk om å tena pengar, men at bebuarane skal ta meirkostnadane ved reiser sjølv.

– Dersom feriereisa fører til meirkostnadar for å få turnus til å gå opp i bufellesskapet, er det del av dette. Det blir sjølvsagt tatt omsyn til redusert behov for bemanning på grunn av at bebuarar er på ferie, fortel Gåskjenn.

Vigdis Anita Gåskjenn

STREKK SEG LANGT: Byråd Vigdis Anita Gåskjenn meiner at kommunen strekk seg langt i å gjera reisene så rimelege som mogleg.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Me skal strekka oss for å gjera det så rimeleg som mogleg. I tillegg kan det bli søkt om refusjon for reise og opphaldskostnadar for følgepersonar. Det vil redusera kostnaden for den enkelte.

Gåskjenn hevdar at Bergen kommune har eit av landets beste ferietilbod, og viser til at stadig fleire utviklingshemma blir med på kommunalt arrangerte ferieturar.

Men det er avgrensa kven som kan vera med på desse, ettersom nokre treng meir oppfølging, ifølge lokallagsleiar i forbund for utviklingshemma i Bergen, Kari Elster Moen.

Ikkje berre ei utgift

Leiaren i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget skulle gjerne sett at Marianne Larsen i Skjoldveien bufellesskap fekk kosa seg på ferie i år også.

– Skal kommunen då bruka pengar på eit ikkje-lovpålagt tilbod som fører til at det blir mindre pengar til dei lovpålagde tenestene?

– Det å oppleva noko anna enn kvardagen er så viktig! Det gir positive ringverknadar i kvardagen, så eg er ikkje så sikker på at me berre skal sjå på dette som ei utgift, svarer Kari Kjønaas Kjos.

Siste video

Programleder er Mariann Reikerås
.....på kaien ventet familien.