Hopp til innhold

Kommunen endra reglane – no har ikkje Marianne råd til å reisa på ferie

BERGEN (NRK): Utviklingshemma Marianne må betala 103.000 for å reisa på etterlengta sydenferie. – Kven har råd til det? spør søstera.

Marianne Larsen og Tone Svendsen

MÅ VERA HEIME: Marianne Larsen må betala 103 000 kroner for å reisa på etterlengta sydenferie, det har ho ikkje råd til. Her med ergoterapeut Tone Svendsen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Marianne Larsen må vera heime på Skjoldveien bufellesskap i sommar. For når kommunen mellom anna krev auka bemanning på ferieturane blir det for dyrt å reisa.

Prislappen blir på heile 103.000 kroner om ho skal vera med.

– I år måtte vi seia nei, det vart for dyrt. I fjor reiste det fleire bebuarar frå same bufellesskap og det var veldig vellykka, men tidlegare har det kosta 60.000–70.000 kroner, seier søstera til Marianne, Hilde Solberg Godø.

Under halvparten får dra på privat tur

Marianne Larsen

DYRT: Det vil kosta Marianne Larsen 103.000 kroner å reisa på privat ferie. Ho kan ikkje reisa på dei kommunalt arrangerte ferieturane fordi ho treng for mykje oppfølging.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

I Bergen får under halvparten så mange utviklingshemma no dra på privat ferietur som for to år sidan.

Då reiste til saman 317 utviklingshemma i Bergen på privat ferie saman med personale frå bufellesskapet sitt, men kommunen meinte at praksisen var urettferdig og ulik mellom bufellesskapa, og at bemanninga var for dårleg i høve til arbeidsmiljølova og fagleg forsvarlegheit.

I fjor skjerpa dei difor krava, og talet gjekk ned til under 200. I år er det førebels berre 149 utviklingshemma som får seg ein ferietur.

Må betala sjølv

Bebuar Torbjørn er ein av dei to heldige på Skjoldveien bufellesskap som også i år skal på sydentur sjølv om det kostar over 100.000 kroner.

I tillegg til reise og opphald for Torbjørn, må familien hans betala løna for ein stor stab som må vera med, pluss eventuelle vikarar som trengst for dei som blir verande heime i Skjoldveien.

Ergoterapeuten til Marianne, Tone Svendsen, synest det er synd fleire ikkje får dra.

– Vi ser heilt tydeleg at Marianne slappar veldig godt av når ho er i varmare strøk. Sist var ho berre nøgd heile tida, det var berre godlydar. Ho svømte kvar dag, og storkoste seg.

Jørgen Langlo og Haraldn Gamst

BLIR HEIME: Også Jørgen Langlo må i sommar bli verande heime fordi ferie vert for dyrt. I bakgrunnen hesefagarbeider Harald Gamst.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Viktig å følgja arbeidsmiljølova

– Det er vanskeleg å seia kvifor tala er slik, men det økonomiske kan vera ein del av biletet. Det er viktig å følgja arbeidsmiljølova. For å etterleva den kan det henda at ein får utfordringar med å få turnusar til å gå opp. Og kanskje fleire tilsette har reservert seg mot å reisa, seier byråd for helse og omsorg, Vigdis Anita Gåskjenn.

Vigdis Anita Gåskjenn

SAMANSETT: Byråd for helse og omsorg, Vigdis Anita Gåskjenn, meiner det kan vera ei rekke årsaker til at talet på private feriereiser er halvert.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Byråden viser også til at stadig fleire utviklingshemma blir med på kommunalt arrangerte ferieturar, og hevdar at Bergen kommune har eit av landets beste ferietilbod.

– Eg har gitt beskjed om at vi skal strekka oss så langt som mogleg innanfor kriteria som er laga.

– Men det er nokon som ikkje kan reisa på fellesturar fordi dei treng meir oppfølging, og kommunen tilbyr ikkje ferie til desse, seier lokallagsleiar Kari Elster Moen i forbund for utviklingshemma i Bergen.

Kari Elster Moen

DYRT: Lokallagsleiar Kari Elster Moen i Norsk forbund for utviklingshemma i Bergen meiner det er for dyrt å reisa.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ho meiner tala viser at det har blitt for dyrt, og for vanskeleg å dra på ferie.

– Ein må omtrent laga turnusen til dei som er igjen i bufellesskapet, og i tillegg betala vikaren i bufellesskapet trass i at ein ikkje er der, seier Moen.