Hopp til innhold

KrF utelukkar ikkje omkamp om bybanetrase

Medan byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen kontant avviser at det kan verta ein omkamp, seier Marita Moltu i KrF at nye opplysningar kan gje nye konklusjonar.

Moltu, Ulstein, Stolt-Nielsen

SER IKKJE BORT FRÅ OMKAMP: Marita Moltu (til venstre) seier det kjem an på kva som kjem fram i tilleggsutgreiinga av tunnelløysinga gjennom Bergen sentrum. Til høgre Dag Inge Ulstein (KrF) og byrådsleiar Ragnhild Stolt Nielsen (H).

Foto: Sølve Rydland / NRK

Etter mykje fram og tilbake vil KrF no stemme for å legge Bybanen i tunnel gjennom Bergen sentrum.

I bystyremøtet 17. juni vil dei fyrst stemme for Bryggen-forslaget, som vil falle, for så å gje si støtte til tunnelen ved Kjøttbasaren, enten i Finnegårdsgaten eller i Vetrlidsallmenningen.

Men no seier Marita Moltu (KrF) at ho ikkje ser bort frå at det kan bli ein omkamp om tunnelalternativet ho i går gjekk med på å røyste for.

– Det vil komme an på kva som kjem fram når bystyret legger fram nye opplysingar om korleis tunnelalternativet skal verte gjennomført. Det ønsker me å få på bordet.

Byrådsleiaren vil ikkje ha omkamp

Bakgrunnen er at KrF i går fekk gjennomslag for at bystyret skal få ei eiga sak med orientering om konklusjonane når dei vidare utgreiingane av tunnelalternativa er klare.

Tunnelane i Finnegårdsgaten og Vetrlidsallmenning er ikkje konsekvensutgreidde, derfor må ei rekkje spørsmål avklarast.

Byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen har eit langt meir kontant svar enn Moltu på om ho trur det vil bli ny omkamp etter at ein har gjort nye utgreiingar om tunnelinnslaget ved Kjøttbasaren.

– Nei, var det korte svaret frå byrådsleiaren.

LES OGSÅ: – Rart at Rygg har gått av - Hordaland

Tunnelløysinga er ikkje ferdig utgreia

Ifølgje eit notat som fagavdelinga i kommunen la fram i går, må det leggjast fram nye rapportar om ei rekkje sider ved tunnelalternativet ved Kjøttbasaren.

Ragnhild Stolt-Nielsen (H)

BLIR DET OMKAMP? – Nei, svara byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nilsen kontant.

Foto: Vidar Gudvangen

Grunnforhold, grunnvassproblematikk, løysingar for anna trafikk, og stabiliteten til bygningane i området ved Bryggen er noko av det som ikkje er fullstendig greia ut.

Likevel kjenner byrådsleiaren seg trygg på at hennar eige parti, KrF og Frp står ved kompromisset.

– Når tilleggsutgreiinga er klare, vil det vere naturleg at ein opplyser bystyret om kva som er hovudfunna, kva som er utfordrande og korleis me skal løyse dette, seier Stolt-Nielsen.

– Du fryktar ikkje at dette kan føre til ein omkamp?

– Nei.

LES OGSÅ: Går for tunnel ved Kjøttbasaren - Hordaland

– Må vente og sjå kva me har vedtatt

Geir Steinar Dale

SPESIELL MÅTE Å GÅ FRAM PÅ: – Ein kan risikere at tilleggsutgreiinga slår beina under for heile vedtaket. Det verkar veldig merkeleg, seier Geir Steinar Dale (Ap)

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Ein kan risikere at tilleggsutgreiinga slår beina under for heile vedtaket. Det verkar veldig merkeleg, seier Geir Steinar Dale (Ap)

Han er slett ikkje sikker på om siste ord er sagt i korleis bybanen skal komme seg gjennom sentrum i Bergen.

– Problemet er at ein skal vedta ei sak 17. juni, og så skal ein få fram ein tilleggsutgreiing i etterkant som skal fortelje oss kva me har vedtatt. Det er jo ein veldig spesiell måte å behandle ting på.

LES OGSÅ: Anklager KrF for løftebrot - Hordaland