Hopp til innhold

Byrådet går for tunnel ved Kjøttbasaren

Seks månader etter planen har byrådet lagt fram sitt forslag for bybanetrasé til Åsane.

kjøttbasaren

LA FRAM FORSLAG: I dag la byrådet fram kva traséalternativ mot Åsane ein skal jobba med vidare.

Foto: Google

Bybanen Kjøttbasaren

TRULEG HER: Tunnelinnslag i Finnegårdsgaten, kan bli framtida for bybana.

Foto: Multiconsult

Byrådet har endeleg bestemt seg: Byrådet vil at bybanetraseen til Åsane skal gå i dagen til og med Torget og i tunnel i området Finnegårdsgaten/Vetrlidsallmenning til Slaktehustomten og vidare i sjøgaten gjennom Sandviken.

– Dette er ein sak vi har arbeidd særs myke med, og vi meiner no å ha ei innstilling som vil kunne få brei tilslutning i bystyret og sikre naudsynt framdrift i det vidare planleggingsarbeidet for Bybanen, seier byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen i ei pressemelding.

Sjå innstillinga til byrådet her

KrF tok som venta dissens i saka.

Høgre og Frp sitt val i saka var også det som gjorde at byråd for byutvikling, Filip Rygg, gjekk av.

Eit halvt år forseinka

Saka skulle eigentleg vore lagt fram i november, men har etter heftig debatt og nye utgreiingar vorte over seks månadar forseinka.

Byrådet la fram følgjande trasé:

  • Bybanen går frå dagens endestopp i Kaigaten, gjennom Christies gate, Småstrandgaten og forbi Torget før bana går inn i tunnel ved Kjøttbasaren. Neste stopp kjem ved Slakthustomten i Sandviken.
  • I Sandviken går byrådet inn for dagløysing i Sjøgaten og eit stopp ved Sandviken Brygge. Her går bybanen inn i tunnel til NHH.
  • Etter handelhøgskulen går bybanen inn i tunnel, neste stopp kjem i Eidsvåg. Herfrå er det planlagt ein transportetappe med stopp i Tertneskrysset og Prestestien.
  • I Åsane skal bybanen kryssa motorvegen og få stopp på C-tomta, der det er planlagt ein ny kollektivterminal. Deretter skal Bybanen gå vidare til Vågsboten via Nyborg.

Det er altså berre trasèen i Sandviken som er i tråd med fagavdelinga si tilråding. Høgre og Frp treng støtte frå ytterlegare tre representantar i bystyret, etter at det tredje byrådspartiet KrF gjorde det klart at dei vil ta dissens.

Onsdag skal partia i møte med Arbeidarpartiet med mål om å få spikra fleirtalet.

Avgjerd om tre veker

Måndag inviterer Bergen kommune alle som har meiningar om trasévalet til Åsane, til å komme med dei. I møte i Komite for miljø og byutvikling kan alle som ønskjer det, halde eit munnleg innlegg. Bergen kommune melder at dersom det blir mange som vil seie noko, vil lag og foreiningar få prioritet framfor privatpersonar.

Den endelege avgjerda om traséval skal skje på eit ekstraordinært bystyremøte om tre veker, tysdag 17. juni klokka 16.