Hopp til innhold

Høgre og Frp: Tunnellen ved Kjøttbasaren var KrF sin idé

Både Høgre og Framstegspartiet er klare på at det var Filip Rygg frå KrF som tok Kjøttbasaren-alternativet tilbake i bybanedebatten. No stiller dei seg undrande til at KrF ikkje røystar for forslaget.

Bybaneillustrasjon

FINNEGÅRDSGATEN: Denne illustrasjonen er laga for å visa dimensjonane på eit eventuelt tunnelinnslag i Finnegårdsgaten. Tunnel-alternativet vil få eit meir urbant preg om det vert realisert.

Foto: Illustrasjon: NRK

Tysdag var byrådspartia i Bergen samla til byrådskonferanse på rådhuset i Bergen. Temaet var bybanetraseen til Åsane.

Etter fleire timar bak lukka dører, kunne byrådsleiar og fungerande byutviklingsbyråd Ragnhild Stolt-Nielsen fortelja at byrådet gjekk inn for dagløysing gjennom sentrum og tunnel frå Kjøttbasaren i Vågsbunnen med utløp ved Slaktehustomten i Sandviken.

Byrådsleiaren gjorde det og klart at KrF fekk opning for å ta dissens i saka.

BAKGRUNN: Filip Rygg gjekk som følgje av trasésaka

Hemmeleg avtale

dag skansen

- PARTIA VAR SAMDE: Gruppeleiar i Høgre Dag Skansen, ser på saka som eit klart løftebrot frå KrF.

Foto: HØYRE.NO

Det byrådspartia ikkje var like opne om var den finurlege avtalen som var snekra saman.

Medan byrådane til KrF skulle få ta dissens, forplikta KrF og gruppeleiar Marita Moltu å røysta for trasealternativet i Bystyret, etter først å ha røysta for alternativet over Bryggen.

Dermed kunne byrådspartia vera sikre på fleirtal for trasealternativet i bystyret.

Derfor slo det ned som ei aldri så lita bombe då KrF fredag gjorde det klart at dei likevel ikkje ville røysta for alternativet ved Kjøttbasaren.

– Dette gjer ei vanskeleg sak enno vanskelegare, sa byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen i Høgre til NRK.

– Eit løftebrot

Gruppeleiaren i same parti, Dag Skansen, konkluderte med at det var snakk om eit klart løftebrot frå Moltu og KrF.

– Om dette stemmer, kan det ikkje vera snakk om noko anna, sa Skansen til NRK.

Hevdar forslaget var KrF sin ide

Det som skapar mest undring, og ikkje minst irritasjon, i Høgre og KrF er faktumet at det faktisk var Kristeleg folkeparti som tok tunnelalternativa ved Kjøttbasaren inn igjen i bybanedebatten.

– Det var Filip Rygg som relanserte forslaget for oss i to ulike møter på rådhuset. Rygg la forslaget fram som den prioriterte løysinga, med Bryggen-alternativet som ei reserveløysing, seier varaordførar og gruppeleiar i Frp Tor Woldseth.

Uforståeleg tankegong

Moltu

STØTTAR IKKJE TUNNEL: Marita Moltu, gruppeleiar i KrF i Bergen, fortel at partiet ikkje vil stemme for Bybanetunnel ved Kjøttbasaren.

Foto: Bergen Kommune/Rolf Hordnes

Som NRK tidlegare har fortald står Framstegspartiet fast på at den avgåtte byutviklingsbyråden framstilte alternativet som høgst realiserbart.

Seinare har Rygg gjentatte gongar sagt til NRK at han ikkje kunne stå inne for tunnelforslaga ved Kjøttbasaren, utan at ein hadde traseen langs Bryggen i bakhand.

- Eg finn det svært merkeleg at KrF no fullstendig snur ryggen til forslaget dei sjølv lanserte og gjekk god for, seier Woldseth.

Også byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen stadfestar ovanfor NRK at det nettopp var Rygg og KrF som relanserte kompromissforslaget som tidlegare hadde vorte forkasta grunna store konfliktar med kulturminner.

– Eg kan ikkje forstå kva dei tenkjer når dei går vekk i frå dette no, seier Stolt-Nielsen.

– Det blir umogleg for oss å stemme for ei løysing som vår byråd har gått av for. Me meiner me at det er dagløysinga som e den rimelegaste, beste og sikraste traseen, og det er sjeldant at eit fagmiljø står så samla i val av trasé. Difor vel me å stå fast på det me sa frå byrjinga og stemmer for bryggenalternativet, seier Marit Moltu i KrF.

Gammal idé kan återvende

Resultatet av snuoperasjonen til KrF er at Høgre og Frp er heilt avhengige av støtte frå tre andre bystyrerepresentantar for å få fleirtal for forslaget.

NRK veit at krefter i begge dei to største byrådspartia er usikre på om det er verdt å halda fast på kompromissforslaget i Vågsbunnen.

Dermed kan det lange tunnelforslaget frå Peter Motzfeldts gate vera på full fart innatt i bybanedebatten.

NRK veit at eit stort fleirtal i bystyret har dette alternativet som sitt reelle førsteval.