Hopp til innhold

Inviterer innbyggarane til å teikna nytt fylkesvåpen

To fylkesvåpen skal skrotast når Hordaland og Sogn og Fjordane skal slå seg saman. Innbyggarane blir bedne om å koma med forslag til eit nytt.

Forslag til nytt fylkesvåpen for Vestland fylke

SAMANFLETTA: Eitt forslag til nytt fylkesvåpen symboliserer å «slå saman» Hordaland og Sogn og Fjordane til ei «stormakt» med vikinghistorie.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Me skal laga eit felles symbol som det nye, store Vestland fylke kan samla seg om. Men det blir litt vanskeleg å gje slepp på det gamle, vedgår fylkesdirektør for kultur og idrett i Hordaland, Per Morten Ekerhovd.

I mai blir heile befolkninga invitert til å levera forslag via nettet eller på handteikna ark i posten.

Per Morten Ekerhovd med eit forslag til nytt fylkesvåpen

KREATIVT: Fylkesdirektør for kultur og idrett i Hordaland, Per Morten Ekerhovd, har fått eit forslag som kombinerer dagens to fylkesvåpen. No inviterer han alle innbyggjarar til idékonkurranse.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Så skal ein fagkomité vidareutvikla eitt eller fleire forslag, før profesjonelle designarar blir kopla inn, og dei to fylkestinga kan vedta våpenmerket for Vestland.

Vinnaren skal også krunast med ein premie.

Historisk og moderne

Ekerhovd viser dagens fylkesvåpen og fortel bakgrunnen for begge.

Hordaland sitt viser tilbake til St. Olav. Øksene og krona på raud botn vart brukt som segl på eit hyllingsbrev frå Tysnes for kong Håkon Magnusson i 1344.

Fylkesvåpenet for Hordaland

KONGEHYLLING: Våpenmerket til Hordaland stammar frå eit brevsegl frå Tysnes i 1344.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Det har ei lang historie og er fint å sjå på. Me er stolte av det.

Sogn og Fjordane sitt fylkesvåpen har tre blå trekantar. Dei symboliserer Nordfjord, Sunnfjord og Sognefjorden som skjer seg inn i landskapet.

– Det er meir abstrakt og moderne enn vårt.

Fylkesvåpenet til Sogn og Fjordane

TRE FJORDAR: Sogn og Fjordane har stiliserte fjordar i sitt våpenmerke.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Etter planen skal dei to fylka slåast saman 1. januar 2020. Regionnamnet Vestland har vekt reaksjonar.

Det skapte strid då fylkestinga først vedtok å kalla seg Vestlandet, og dermed utdefinera Rogaland og Møre og Romsdal.

Språkrådet er like lite begeistra for å kalla regionen «eit» Vestland.

Våpenstrid?

Kanskje vil også nytt fylkesvåpen vekka strid eller engasjement.

– Eg er nysgjerrig på kva folk finn på. Me får nok mange kreative innspel me ikkje førestilte oss. Det er rikeleg med symbol frå Vestlandet som kan få ny og bearbeida form.

Fylkesdirektøren seier at både natur, historie, planter og dyr kan vera utgangspunkt for idéar. Han viser eitt forslag han har fått allereie.

Stian Johan Hauge Nielsen frå Skogsvåg har kombinert trekk frå begge fylkesvåpena. Dei tre blå fjordane flettar seg der saman med den raude bakgrunnsfargen frå Hordaland.

«Nå symboliserer våpenet sammenfletting/sammenslåing,» skriv Nielsen.

«Stormakt»

Oppå det har forslagsstillaren lagt den gule krona, men bytta øksene ut med to sverd som viser til fylka si vikinghistorie.

«De to sverdene representerer de to fylkene, og til sammen blir man en stormakt – hvilket kronen symboliserer,» ifølge Nielsen.

Thorn - første bokstav i Gulatingslova

KANSKJE DENNE?: Den norrøne bokstaven «thorn» er den første bokstaven i originalmanuskriptet til Gulatingslova.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ekerhovd likar kreativiteten, men har nokre innvendingar mot å legga dagens fylkesvåpen oppå kvarandre. Han seier forslaget strir mot fleire grunnreglar for korleis eit kommunevåpen skal sjå ut.

– Det skal vera enkelt i forma og ha skjoldform. Det skal ha berre éin farge og eitt hovudmotiv.

– Folk føler kanskje at dei tapar noko når dei mister det gamle våpenet, men me satsar på å finna eit som er like bra og samlande, avsluttar Ekerhovd.