NRK Meny
Normal

Kommunen vil ha gondolbane her: – Flytande bybane er betre

Bergen kommune sin planetat føreslår ein gondolbane over Puddefjorden for å knytte Laksevåg til sentrum. Det skapar reaksjonar.

Sivilarkitekt Fredrik Barth i Asplan Viak

SKEPTISK: Sivilarkitekt Fredrik Barth meiner tanken om ein gondolbane her over Puddefjorden er merkeleg. – Det er ein kjempespanande idé, men eg er litt redd for at det er ei avsporing frå det som faktisk er behovet, seier han.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Gøymt i eit lite kart i plan- og bygningsetaten sitt ferske utkast til Kommuneplanens arealdel, ligg forslaget om gondolbane over Puddefjorden med fleire stopp på begge sider.

Denne skal knytte Laksevåg til sentrum, meiner etaten.

– Er det ikkje flott at vi endeleg tenkjer litt nytt, seier direktør Mette Svanes entusiastisk.

– Det er eit heilt klart eit behov for å kopla saman området på Laksevåg med Nøstet. Vi ønskjer å gjere noko nytt og teste ein ny måte å bringe folk mellom bydelane på.

Det er skissert gondolbanestopp på Nøstet, Dokken, Damsgård, Laksevågneset og Holen.

Svanes fortel at dei førebels ikkje har tenkt ut alle løysingane, men at banen kan koplast til bygningar eller til master. Ho understrekar også at dette er eit forslag frå plan- og bygningsetaten, og ikkje politikarane.

Gondolbane over Puddefjorden

GONDOLBANE: Slik ser kommunen føre seg at banen kan gå.

Foto: Plan- og bygningsetaten i Bergen kommune

Pilotprosjekt

«En bro utenfor dagens Puddefjordsbro vil berøre deler av dagens godshavn. (...) Alternativ til bro kan være gondolbane fra Nøstet til Laksevåg», heiter det i utkastet.

– Vi har eit eksempel i Göteborg, der det er vedteke gondolbane nettopp for å binde saman byområde på begge sider av ei brei elv, seier Svanes.

I den svenske byen skal kapasiteten vere 2000 passasjerar i timen.

– Det er ikkje veldig stor kapasitet per vogn, men vognene kjem ofte, seier Svanes.

Etaten vil no søke departementet om midlar til å greie ut gondolbanen som ei mogleg, framtidig løysing.

Mette Svanes

HYPPIG: – Det er ikkje veldig stor kapasitet per vogn, men vognene kjem ofte, seier Mette Svanes i plan- og bygningsetaten.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Ei avsporing

Sivilarkitekt Fredrik Barth i Asplan Viak vart overraska då han oppdaga forslaget i kommuneplanen.

– Det er ein kjempespanande idé, men eg er litt redd for at det er ei avsporing frå det som faktisk er behovet. Eit krysningspunkt over Puddefjroden trengst for fotgjengarar og syklistar, og som del av kollektivsystemet for Bergen vest. Ein gondolbane vil ikkje løyse dei primære behova som bydelen har, seier Barth.

Han meiner bybane-, gang- og sykkelbru vil vere ei meir fornuftig løysing.

– I vurderingane av nytt kollektivsystem har kommunen anbefalt ei slik bru frå Dokken, til Laksevåg og utover mot Loddefjord. Det er litt underleg at ein no føreslår eit nytt konsept. Ein elektrisk flytande bybane ville kanskje vere eit meir nærliggande konsept her ved sjøen.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.